Bolaks skal slakte hos Bremnes

AS Bolaks har inngått avtale om slakting av laks hos Bremnes Seashore AS.

Etter nedlegging av eiga slakteverksemd i byrjinga av september i år, har AS Bolaks jobba for å finna ein samarbeidspartner på slaktetenester.

– AS Bolaks produserer om lag 10 000 tonn sløyd laks årleg, og har i alle år vore kjend for den gode kvaliteten på fisken sin før og etter slakting. Dette skal bli vidareført gjennom eit samarbeid med Bremnes Seashore AS, skriv Bolaks i ei pressemelding.

– I tillegg til å vera geografisk nær AS Bolaks sine lokalitetar, har Bremnes Seashore AS lang erfaring og god kompetanse på slakting og foredling av laks, framhevar Bolaks i meldinga.

Bygger nytt slakteri

Bremnes Seashore AS er i gong med bygging av nytt slakteri, der kvalitet og fleksibilitet i produksjonen har høg prioritet. Det nye slakteanlegget vil byggja vidare på mange års FoU- og praktisk arbeid med optimal handtering av fisk gjennom heile slakteprosessen, heiter det i meldinga.

Tilførsel av fisk frå Bolaks vil medføra auka aktivitet ved Bremnes Seashore AS sitt anlegg på Bømlo. AS Bolaks vil framleir stå ansvarleg for salg av sin fisk.