Miljøpris til Pedersen og Strønen

Hordaland fylkeskommune har tildelt fylkeskommunen sin miljøpris for 2009 til Svein-Helge Pedersen og Frode Ottto Strønen.

– Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2009 går til to eldsjeler som på kvar sin måte har arbeidd for ei berekraftig forvalting av Hardangerfjordsystemet. Prisen vert delt mellom Svein-Helge Pedersen i Granvin og Frode Otto Strønen i Jondal, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Vinnarane av miljøprisen, Sven-Helge Pedersen  (t.v.) og Frode Otto Strønen, flankert av  fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar for  kultur- og ressursutvalet – Helge Andre Njåstad.  Foto: Hordaland fylkeskommuneVinnarane av miljøprisen, Sven-Helge Pedersen (t.v.) og Frode Otto Strønen, flankert av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar for kultur- og ressursutvalet – Helge Andre Njåstad. Foto: Hordaland fylkeskommuneMiljøprisen vart delt ut under Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen den 12. oktober 2010. Leiar i kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad, stod for utdelinga.

Sven-Helge Pedersen i Granvin får prisen for den årelange innsatsen sin for villaksen i Hardanger og for etablering av det årlege Hardangerfjordseminaret der næring, forsking, forvalting og miljøinteresser diskuterer forvalting av villaks og havbruk.

Frode Otto Strønen i Jondal er tildelt prisen for arbeidet sitt med å sikra rein og trygg mat frå Hardangerfjorden og ein berekraftig balanse mellom villaks og oppdrettslaks.

Prisvinnarane vart heidra med diplom og kvar sin halvpart av prispengane på 50 000 kroner.

– Ambassadørar

– De er viktige ambassadørar for miljøet, og vi vonar prisen og prispengane gjev inspirasjon til å halda fram med det gode arbeidet, sa utvalsleiar Njåstad ved tildelinga.

– Miljøutfordringane er ikkje vortne mindre i dei åra vi har hatt miljøprisen. For dei som får prisen er det ei høgt verdsett oppmuntring til å stå på vidare. Også det å vera føreslegen som kandidat er ein heider i seg sjølv, og viser at andre har sett det viktige arbeidet som er gjort, sa Njåstad.

– Men sjølv om eldsjeler kan få gjort mykje bra, er noko av det viktigaste med pristildelinga at vi alle vert minna om dei ulike miljøutfordringane, og at vi sjølve blir inspirert til å gjera gode miljøval i kvardagen, påpeika Njåstad.

Mer om miljøprisen
Hordaland fylkeskommune har kvart år sidan 1992 delt ut ein eigen miljøpris. Miljøprisen vert tildelt ein eller fleire som har gjort ein særmerkt innsats for miljøet i det føregåande året. Det er Kultur- og ressursutvalet i fylkeskommunen som peikar ut prisvinnaren mellom dei føreslegne kandidatane.