Sjøaure framom kraft

SURNADAL: NVE seier nei til overføring av Litjbekken til Nedre Myrholtvatn.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner skadane og ulempene for dei allmenne interessene er større enn fordelane ved overføringa.

Myrholten Kraft AS har søkt om løyve til å overføre Litjbekken til Nedre Myrholtvatn i Surnadal kommune i Møre og Romsdal. Myrholten Kraft AS fekk 28. januar 2009 konsesjon til å byggje Myrholten kraftverk, som vil gje ein årleg produksjon på 3,6 GWh. Kraftverket er enno ikkje realisert. Overføringsrøyret ville hatt ei maksimal slukeevne på 115 l/s, noko som ville auka produksjonen i kraftverket med 0,87 GWh.

Overføring av Litjbekken vil føre til at restfeltet nedanfor inntaket dominerer vassføringa i bekken, ettersom det ikkje er planlagt slepp av minstevassføring. Eit inngrepsfritt område (INON-område) prioritert av fylkeskommunen vil reduserast med 1 km2, og det vil bli store terrenginngrep.

– Viktig for reproduksjon av sjøaure

Den planlagde overføringa vil gje redusert vassføring i Bævra, på ein 2,5 kilometer lang strekning.

Undersøkingar viser at nettopp denne strekninga i Bævra er viktig for reproduksjon av sjøaure. Samstundes viser foreløpig ny kategorisering at Bævra både har betydelig redusert ungfiskproduksjon og for liten gytebestand som følgje av mellom anna vassdragsregulering, opplyser NVE.

Sjølv om Litjbekken gjev eit lite bidrag til hovudelva så har bekken i seg sjølv muligheit til å fungere som eit lokalt gyte- og oppvekstareal. Samstundes vil eit kvart bortfall av vatn i Bævra føre til ytterlegare press på fiskebestanden, slik NVE vurderar det.

NVE meiner skadane og ulempene i høve til allmenne interesser er større enn fordelane ved overføring av Litjbekken. Kravet i vassressurslova er derfor ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.