Tilsynsseksjonen i Fiskeridirektoratet ynskjer å skilje ut oppdrettarar med grove eller gjentekne brot på regelverket.
– Ved hjelp av eit risikobasert tilsyn ynskjer vi i større grad å kunne skilje ut næringsaktørar med grove eller gjentekne brot på regelverket, seier seksjonssjef Henrik Hareide ved den nyoppretta tilsynsseksjonen ved kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.
Tilsynsseksjonen er etablert for ha kapasitet til å føre tilsyn med og avdekkje alvorlege brot på akvakulturregelverket, melder Fiskeridirektoratet. Slike brot er ein trussel mot miljøet og dessutan øydeleggjande for næringa sitt omdøme meiner direktoratet, som ynskjer å endre denne åtferda.
– Viktig å vere truverdig
– Eit truverdig tilsyn vil bidra til ei truverdig næring. Dette er viktig både for direktoratet og for næringa, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.
I 2010 fekk direktoratet auka bevilling til tilsyn med oppdrett av laks og anna akvakulturtilsyn med 10 millionar. I 2011 har dette materialisert seg med auka kapasitet med sju nye stillingar i regionane og fem nye stillingar i Bergen. Med interne omprioriteringar vil den nyoppretta tilsynsseksjonen i Bergen telje ti personar.
– Vi har fått betre kapasitet til å ivareta vår primæroppgåve, som er å hindre rømming frå akvakulturanlegg. Tilsyn kan vere negativt lada for enkelte, men vi er ute etter å skape positiv effekt både for næringa og samfunnet elles, seier Hareide.
– Regionane er tilsynet
Fiskeridirektoratet sine regionkontor driv det operative arbeidet og dette skal vidareutviklast og gjerast sterkare.
– Akvakulturtilsynet er først og fremst dei tilsette i regionane. Tilsynsseksjonen i Bergen er ein støttefunksjon for desse og for fiskeridirektøren, fortel Hareide.
Fiskeridirektoratet er i gong med å lage ein tilsynsdatabase og eit meir automatisert system for risikoanalyse. Dette skal resultere i betre erfaringsformidling av god praksis og eit meir målretta tilsyn.
Ynskjer samarbeid
Næringa utviklar seg svært fort og det er utfordrande å halde følgje. Direktoratet må ha ein tilsynsmetodikk som også sikrar rettstryggleiken til oppdrettarane. Når det vert avdekka brot på regelverket må dette dokumenterast skikkeleg.
– Regelverket skal underbyggje miljømessig berekraft i næringa. Mange i næringa er opptekne av dette og driv på ein god måte. Ved hjelp av tilsyn ynskjer vi å endre praksis hjå dei som ikkje gjer det. Dette vil vere positivt for næringa som heilskap, meiner Hareide.
Fiskeridirektoratet sitt overordna mål er å bidra til verdiskaping og vidareutvikling i næringa. Direktoratet si oppgåve er å føre tilsyn med næringa slik at ein oppnår ei berekraftig og sunn næringsutvikling. Ny teknologi og ny driftspraksis er viktige grep for å sikre dette, opplyser direktoratet.
Når det trengs har direktoratet ulike sanksjonsmuligheiter som pålegg, tvangsmulkt og å politimelde brot på regelverket, men direktoratet legg opp til stor grad av sjølvjustis- og kontroll gjennom internkontrollsystem og rettleiing.