Fabrikksjefen sa opp

HERØY: Sjefen på Marine Harvest sitt lakseslakteri på Eggesbønes har sagt opp stillinga.

Stort arbeidspress og fokuset på forholda til utanlandske arbeidarar er medverkande årsaker til at fabrikksjef Ken Schønningsen sluttar.

– Schønningsen bad om å få slutte på grunn av stort arbeidspress og stort press frå media. Dette var ein trist dag for alle. Schønningsen har vore ein populær leiar, seier regiondirektør i Marine Harvest Norway AS, Per-Roar Gjerde, til Sunnmørsposten.

Avisa har skrive fleire artiklar om forholda for dei tilsette i SunnRent AS og WashRent, eksterne reinhaldsfirma som har vore leigde inn for å vaske ved lakseslakteriet. Laurdag 22. januar fortalde vaskarar frå Kosovo og Makedonia om bruk av falske ID-kort, ulovleg opphald i Norge og manglande innbetaling av skatt. Måndag 24. januar leverte Schønningsen oppseiinga.

Tidlegare har det vore stilt spørsmål også ved arbeids- og butilhøva til utanlandske produksjonsarbeidarar som er leigde inn, både av media og av fagforeininga NNN. Schønningsen fortel til avisa at han har teke skriveria om dei utanlandske vaskarane tungt, sjølv om dei kritiske spørsmåla først og fremst har retta seg mot andre enn han og Marine Harvest.

– Det har blitt stilt stadig nye spørsmål om stadig nye tema, og eg føler det har vore eit stort press. Heile saka har vorte ei stor belastning, seier Schønningsen.

Vil ha sjefen tilbake

Dagen etter at Schønningsen leverte oppseiinga, aksjonerte arbeidarane for å få fabrikksjefen tilbake, skriv Sunnmørsposten.

– Dette var både trist og urettferdig. Ken Schønningsen har vore ein god sjef. Eg vil ha han tilbake, seier Linda Eidem, ein av dei tilsette ved Marine Harvest.

Det vart sett i gang ein underskriftsaksjon til støtte for Schønningsen, med eit opprop med overskrifta «Kom tilbake Ken». Dei tilsette stogga produksjonen kl. 13.30 og samla seg i produksjonshallen, for å vise at dei står bak den gamle fabrikksjefen.

Marius Vangen, som er avdelingsleiar på slakteriet, fortel at fabrikksjefen gong på gong har forsøkt å få ut informasjon om tilhøva for vaskarane, og at SunnRent sa at dei hadde alt under kontroll.

– SunnRent har ført alle bak lyset, seier Stein Mathiesen, som er hovudtillitsvald i Norsk Nærings og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), til avisa.