Høgare eksportpris i veke 8

Porsjonsstykke av laksefilet. Foto: Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp frå veke 7 til veke 8.

I veke 8 i 2011 var eksportprisen for fersk laks 41,61 kroner per kilo, ein oppgang på 2,0 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 8 enda på 10.585 tonn, ein nedgang på 3,6 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 10.982 tonn.

I veke 8 vart det eksportert 512 tonn frosen laks, og prisen var 44,25 kroner per kilo.

2011

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
8 10 585 41,61 512 44,25
7 10 982 40,81 870 43,51
6 10 817 39,71 780 43,16
5 10 320 39,98 1 050 43,00
4 11 570 38,82 913 42,30
3 11 853 40,44 1 014 42,38
2 11 133 39,96 789 41,85
1 9 309 38,43 518 39,64

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2010.