Ynskjer HAVdyrkerne velkomne

HAVdyrkerne SA vert oppløyst og oppdrettarane frå grupperinga går inn i Salmon Group AS.

– HAVdyrkerne SA si årsmøtebeslutning om å løyse opp laget og søkje medeigarskap i Salmon Group AS, er ein gledeleg utgang på ein konstruktiv og god prosess. Dei skal vere hjarteleg velkomne i nettverket, og vi skal gjere vårt beste for at alle skal føle seg medrekna frå første dag.

Det seier dagleg leiar i Salmon Group, Nils Inge Hitland, i ei pressemelding.

Dei to nettverka utgjere i dag tyngda av dei attverande små og mellomstore oppdrettsselskapa i Noreg. Situasjonen i næringa tilseier at det vil vere ei styrke at flest mogleg samlast i ei felles gruppering. Oppdrettsnæringa er iferd med å tvinge lokale aktørar til å tenkje regionalt og nasjonalt, og for selskap med få tilsette på kontoret og alt fokus på merdkanten, krev det støtte frå ei større eining.

– Ein markant aktør

Salmon Group har vore, og vil no i enno større grad bli, ein markant aktør i utviklinga av oppdrettsnæringa. Både på biologisk og politisk hald skjer der stadig ting som krev kollektive løysingar og samspel. Netteverket jobbar med kvalitet, bærekraft og lokalt eigarskap som sine fremste kampsaker. Dette er ideal som stadig er under press, men med denne nye styrkinga av aksjonærmassen, håpar vi å kunne demme opp enno betre, heiter det i meldinga frå selskapet.

Salmon Group er eit aksjeselskap der alle medeigarane sit på like postar. Dei tidlegare HAVdyrkerne vil kome inn og ta del på like premissar som dei inneverande aksjonærane. I ein overgangsfase vil to representantar frå det oppløyste laget få ekstraordinært styremedlemskap i Salmon Group AS. Ved å oppretthalde aktivitet ved kontoret i Florø, vil Salmon Group kunne gje ei god oppfølging til alle nye og eksisterande aksjonærar i regionen.

– Eit viktig signal

Samanslåinga sender eit viktig signal i ein fase der oppdrettsnæringa står midt oppi ei rekke kollektive utfordringar, slik som felles tiltak på biologisida og eit heilt nytt regime for arealtildeling.

– Dei lokale oppdrettarane syner her ei sterk vilje til samarbeid og felles innsats. Eg vonar styresmaktene legg merke til dette, seier Nils Inge Hitland.

Samla sett reknar ein med at aksjonærane i dei to nettverka la fram positive resultat på om lag 1,4 mrd kroner i 2010. Lokalt eigarskap og engasjement, saman med stordriftsfordelar gjennom Salmon Group, gjer dette mogleg. Desse pengane ligg att til disposisjon i dei lokale selskapa og lokalsamfunna, heiter det i meldinga frå Salmon Group.