Eksportprisen svakt ned i veke 17

Porsjonsstykke av laksefilet. Foto: Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned også frå veke 16 til veke 17.

I veke 17 i 2011 var eksportprisen for fersk laks 42,71 kroner per kilo, ein nedgang på 0,9 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 17 enda på 9.888 tonn, ein auke på 21,6 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 8.130 tonn.

I veke 17 vart det eksportert 222 tonn frosen laks, og prisen var 41,06 kroner per kilo.

2011

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
17 9 888 42,71 222 41,06
16 8 130 43,08 299 44,00
15 13 763 43,61 773 40,59
14 12 729 42,20 753 42,95
13 10 941 40,94 756 42,47
12 11 899 40,79 720 43,45
11 12 165 40,44 634 42,82
10 12 801 40,56 630 43,92
9 10 941 40,89 805 44,47
8 10 585 41,61 512 44,25
7 10 982 40,81 870 43,51
6 10 817 39,71 780 43,16
5 10 320 39,98 1 050 43,00
4 11 570 38,82 913 42,30
3 11 853 40,44 1 014 42,38
2 11 133 39,96 789 41,85
1 9 309 38,43 518 39,64

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2010.