Olav Svendsen Sr. er død

Olav Svendsen Sr. døyde fredag 10. juni på Bømlo Sjukeheim etter langvarig sjukdom. Han blei fødd 14. mai 1923 og var ein av pionerane innan fiskeoppdrettsnæringa i Noreg.

Som 14-åring la Svendsen grunnlaget for firmaet Bremnes Fryseri, som er utvikla til ei av dei største privat eigde oppdrettsverksemdene i landet. Selskapet går no under namnet Bremnes Seashore, har 230 tilsette og vert leia av andre og tredje generasjon i familien.

Før Olav Svendsen i 1960-åra, som ein av dei første i landet, starta med oppdrett av aure og laks, hadde han drive fiskemottak i mange år.

Han vaks opp i handelsstaden Øklandsvågen i Bømlo i ein søskenflokk på ni. Faren, kjøpmann Ole Svendsen, såg tidleg at sonen hadde sans for kjøp og sal og gav han ansvar for mottak av tang og tare då han var i konfirmasjonsalderen. På same måte har han sjølv gitt arbeid til mange ungdomar på anlegga sine; enkelte fortel at dei tente pengar til konfirmasjonsdressen i Kvednavikjo.

I 1946 var Olav Svendsen 23 år gamal, og overtok eigedommen i Kvednavikjo. Året etter gifte han seg med Torbjørg, kvinna som heile livet har vore ei uvurderleg støtte for mannen og familien, som etter kvart også omfatta fem born.

Kvednavikjo var den gongen ikkje anna enn ei trong vik med eit par hus. Med eigne hender starta Olav ei storstilt utbygging. Fjellet måtte sprengast bort; det var så bratt at han hang i eit tau når han bora. Sjølv sa han seinare at han ikkje hadde klare mål med utbygginga, han berre bygde etter kvart som han trong meir plass. Arbeidsfolka meinte at han treivst aller best når det var utbygging på gang.

Hallvard Lerøy AS i Bergen vart ein viktig samarbeidspartnar på sal og eksport. Dette samarbeidet skulle bli langvarig og fruktbart for begge partar.

Olav Svendsen har i alle år vist utruleg vilje og evne til omstilling. Når eit fiskeri svikta, var det berre å sjå seg rundt etter nye mulegheiter. Frå midten på femtitalet starta eit stort pigghåfiske ved Shetland og sør i Nordsjøen. Olav etablerte mottak i Kvedanvikjo, som vart verdas største pigghåmottak.

Sidan 60-talet har oppdrett blitt ein stadig viktigare del av verksemda i Kvednavikjo. Olav Svendsen jobba frå tidleg morgon til sein kveld – året rundt. Dei fyrste åra måtte rogn skaffast frå Danmark. Kvar vår tok han difor alle seta ut or privatbilen sin og køyrde til Danmark. På heimturen var bilen smekkfull av rogn. På det meste hadde han 1,5 millionar aurerogn med i bilen.

Motgang var det rikeleg av i ei så ung næring, men korkje sjukdommar eller marknadsspørsmål greidde å knekkja pågangsmotet til grundaren. Difor kunne han rundt 1990 gje styringa av ei blomstrande bedrift over til etterkomarane.

Historia om industrieventyret i Kvednavikjo er historia om ein mann med visjonar, pågangsmot og tru på at han skulle lukkast. Bremnes Seashore er i dag den tredje største private arbeidsplassen i Bømlo kommune med oppdrettslokalitetar i ni kommunar i Rogaland og Hordaland.

I tillegg til ein uvanleg travel arbeidsdag, fekk Olav Svendsen også tid til å engasjere seg i samfunnsspørsmål. Han var med i kommunepolitikken i 28 år, mellom anna som varaordførar og medlem i kommunestyret.

Under andre verdskrigen var han med i motstandsarbeid, seinare i heimevernet. Svendsen var pådrivar for etableringa av Finnås kraftlag og han var særs aktiv i oppdrettarane sine organisasjonar. Mellom anna var han i 17 år ordførar i NFF sitt representantskap og møtte på styremøte i Trondheim og Oslo. For sin store innsats på mange felt fekk han i 1995 Kongens fortenestemedalje i gull. Det sette han umåteleg stor pris på.

Sjølv om han gav den daglege drifta over til neste generasjon, slutta han ikkje å engasjera seg. Frå Kvednavikjo gjekk stadig brev med gode råd både til styresmakter og andre med ansvar for styre og stell.

Me ynskjer fred over hans minne.

Bjørn W. Sæverud, Bremnes Seashore AS