Fiskeri- og kystdepartementetet gjer framlegg om eit et nytt forvaltningsregime for oppdrett i Hardangerfjorden.
Fiskeri- og kystdepartementet har sendt på høyring forskrift om særskilde krav til havbruksrelatert verksemd i Hardangerfjorden. Formålet med forskrifta er å betre miljøforholda i fjorden, uttaler departementet i en pressemelding.
Stopp for meir oppdrett i Hardanger
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår eit regionalt biomassetak innanfor Hardangerfjorden og dei nære områda utanfor på 50 000 tonn MTB (maksimalt tillaten biomasse). Forslaga inneber at vi ”frys” situasjonen i Hardangerfjorden slik at produksjonen i oppdrettsnæringa ikkje kan auke i dette området, melder departementet.
– Saman med fastsetjinga av ny luseforskrift, forbetra rutinar og omfanget av koordinerte avlusingsrundar i oppdrettsnæringa, vil vi med dette regelverket ta vare på omsynet til vill laks og aure i området, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
Framlegget omfattar også nye krav til brønnbåtar og krav om godkjenning frå Mattilsynet ved flytting av fisk i Hardangerfjorden.
Høyringsfristen er 18. november 2009.