– Oppdrettstorsken sprer seg

Resultat frå forsøk tyder på at oppala torsk som rømer, er i stand til å blande seg med vill torsk.

Det har vore hevda at rømt oppdrettstorsk dør før han rekk blanda seg med sine ville artsfrendar. No viser omfattande forsøk at oppdrettstorsken klarar seg utmerkt ute i det fri. Det er lite som tyder på at han ikkje kjem til å blanda seg med villtorsken, melder Havforskningsinstituttet.

Grundige undersøkingar så langt har dokumentert at tilhøva ligg til rette for kryssing. Seniorforskar Knut E. Jørstad ved Havforskingsinstituttet trur det berre er eit spørsmål om tid før dei første hybridane ser dagens lys.

– Eg har vanskeleg for å sjå kva barriere som skal kunna halda villtorsk og oppdrettstorsk frå kvarandre, sa Jørstad under ein pressefrukost i Trondheim tysdag.

– Side om side

Undersøkingar som Havforskingsinstituttet har gjort i Heimarkspollen i Austevoll, syner at oppdrettstorsken er levedyktig også når han veks opp utanfor det vante miljøet i merden.

Det er dokumentert at egg og larver frå merdane sprer seg i villtorsken sitt naturlege miljø. I dei komande åra vil forskarane få svar på kva som skjer når villtorsk og oppdrettstorsk veks opp side om side.

– Sårbar kysttorsk

Jørstad peikar på at fleire bestandar av kysttorsk ligg på eit lågmål. Desse bestandane er spesielt kjenslevare for påverknad frå rømt oppdrettstorsk.

Sikre svar i 2010

Forskarane følgjer forsøksfisken frå Heimmarkspollen med argusauge framover. I 2009 reknar dei med å få sikre svar på om det førekjem kryssing. Spørsmåla som då melder seg er om desse hybridane er levedyktige og korleis innkryssinga påverkar villtorsken.

– Vi treng meir kunnskap om kva risiko det er for varige endringar i dei ville bestandane, seier Jørstad.