Rensefisk skal inn i oppdrettsregelverket

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har no sendt på høyring eit forslag om å endre regelverket slik at det vert betre tilpassa oppdrett, oppbevaring og bruk av «rensefisk».

Rensefisk er eit velfungerande, miljøvennleg og nyttig supplement til kjemiske avlusingsmiddel. Det blir i dag oppdretta ein del rensefisk, og det ligg til grunn at oppdrett av slik fisk vil auke med tida. Regelverket, slik det er i dag, er ikkje utforma med sikte på slike former for oppdrett, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Det er viktig at regelverket er tilpassa oppdrett av rensefisk, oppbevaring og bruk, både med tanke på fiskevelferd og fiskehelse og med omsyn til vern av ville bestandar.

I 2010 vart det fanga mellom 10 og 20 millionar vill leppefisk til bruk i norske oppdrettsanlegg. Omfattande framtidig bruk av villfanga leppefisk – og annan rensefisk – kan få konsekvensar for utbreiinga til desse artane. Ut frå lusenivået i oppdrettsnæringa i dag, er det grunn til å tru at etterspørselen etter rensefisk ikkje vil minke med det første.

Les også: Vil vidareføre regulering for leppefisk 07.02.2011

Departementet foreslår difor mindre endringar i akvakulturregelverket, slik at vi kan møte det framtidige behovet for rensefisk. Høyringsfristen er sett til 9. mai 2012.

- Endringane vi foreslår vil medverke til vern om naturmangfaldet og ville bestandar, og vise fram rensefisk som eit miljøvennleg alternativ til kjemiske avlusingsmiddel i lakseoppdrettsnæringa, seier statssekretær Kristine Gramstad.