Dersom Hardangerfjordforskrifta vert innført som føreslått, vil det få dramatiske konsekvensar med tap av inntil 1260 arbeidsplassar og 1,8 milliardar i tapt omsetning.
Det viser ei analyse som Asplan Viak AS har utført for Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL).
– Dette er verre frykta. Skadeverknadene for regionen står ikkje i rimeleg forhold til kva ein ønskjer å oppnå, seier Hans Inge Algrøy FHL.
– Vi er einige i målet om å løyse utfordringane med lus og rømming. No er det viktig at vi finn løysningar som ivaretar både miljøomsyn og arbeidsplassar, seier Algrøy i ei pressemelding.
Fiskeri- og kystdepartementet la ut Hardangerfjordforskrifta på høyring i februar 2011. Forskrifta er meint å bremse vidare vekst i havbruksnæringa i regionen, av omsyn til villaks og aure. Havbruksnæringa har tidlegare peika på at forskrifta vil få store konsekvensar for sysselsetting og verdiskaping i regionen.
– Når ein driv med matproduksjon i fjordane, må ein også ta vare på havmiljøet. Vi forstår at regulering av laksenæringa må til. Dei seinare åra har ei rekkje særforskrifter allereie redusert produksjonen i regionen, og ei rekkje tiltak mot lus og rømming er innført. Vi meiner det er viktig å evaluere effektane av desse tiltaka før ein sett inn nye tiltak, seier Algrøy.
For å framskaffe eksakt kunnskap, har Asplan Viak på oppdrag frå FHL gjort ein analyse av dei økonomiske konsekvensane for næringslivet og lokalsamfunna ved ei innføring av forskrifta.
Analysen viser at tapet i produksjonskapasitet kan bli på inntil 60.000 tonn og medføre eit tap av omsetnad på heile 1,8 milliardar kroner årleg.
– Denne forskrifta vil påføre Hardanger, Sunnhordland og heile Vestlandet skade som er langt verre enn nokon kunne sett for seg, understrekar Algrøy.
Medrekna ringverknadane i heile Vestlandsregionen kan talet på tapte arbeidsplassar bli mellom 900 og 1260. Algrøy meiner analysen frå Asplan Viak viser at skadeverknadane på bedrifter og lokalsamfunn er for store.
Laksebedriftene i regionen har over tid teke store omstillingskostnader for å tilpasse seg den nye situasjonen og for å sikre at miljøpåverknadene ikkje er uakseptable. Hardangerfjordforskrifta er foreslått innført frå 2013 og tek sikte på å regulere produksjonsvolumet på selskapsnivå og lokalitetsnivå.
Rapporten frå Asplan Viak er ein ringverknadsanalyse basert på det opphavlege framlegget til forskrift. FHL ønskjer at ein no finn løysningar som i varetek både miljøomsyn og arbeidsplassar.