Gen-bibliotek for berggylte klart til bruk

Forskarar ved NIFES har som dei einaste i verda utvikla eit gen-bibliotek for berggylte. Dei ynskjer no å dele dette biblioteket med fleire.

– Andre forskingsmiljø som jobbar med berggylte kan dra nytte av dette gen-biblioteket (contig samanslutting). Til dømes er det mange som jobbar med å lage vaksiner til denne arten.

Det seier forskar Øystein Sæle, ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES), i ei pressemelding.

Han oppmodar dei aktuelle forskingsmiljøa til å ta kontakt.

Ved å sjå på korleis ein organisme regulerar viktige gen, kan ein lære mykje om organismen sin biologi. Hjå fiskelarvar ser ein blant anna på genuttrykket av fordøyelsesenzym for å finne ut kva slags fôr larvane bør ha.

– Vi har identifisert meir enn 18 000 genar i berggylte og har difor tilgang på ei stor verktøykasse når vi no skal fastsette kva slags krav berggylta har til ernæring, seier Sæle.

Berggylte et lakselus og det er stor etterspurnad etter bergylte til lakseoppdrett. Det er difor ynskjeleg å kunne drive oppdrett på denne arten. Men berggylte har eit spesielt tarmsystem, utan mage og blindsekkar. Dette gjer at fordøyelsen og næringsopptaket blir annleis og ein må utvikle eit fôr som dette tarmsystemet kan handtere.