Får ta ut vatn til 14 millionar smolt

NVE har gjeve Lerøy Midnor AS løyve til regulering av Heimsvatnet i Hemne kommune i Sør-Trøndelag, som vasskjelde til produksjon av settefisk.

Løyvet gjeld også eit avgrensa vassuttak frå vatnet.

Lerøy Midnor AS nyttar i dag Heimsvatnet som vasskjelde til produksjon av settefisk ved anlegget sitt på Belsvik. Uttaket har ikkje konsesjon etter vassressurslova. Lerøy Midnor skal utvide produksjonen av settefisk frå 1 mill stk. smolt til 14 mill smolt (1120 tonn) ved hjelp av resirkuleringsteknologi.

– Overgang til resirkuleringsanlegg gjer at utvidinga ikkje vil føre til auka uttak av vatn. Gjennomsnittleg vassuttak vert 3 m3/min og maksimalt vassuttak skal ikkje overstige 13 m3/min, melder Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Heimsvatnet vil bli regulert 1 meter, mellom HRV på kote 44,9 og LRV på kote 43,9. Dette tilsvarer dagens regulering av vatnet. Ny driftsform med overgang til resirkuleringsteknologi vil gi lågare vassforbruk og mindre aktiv regulering av Heimsvatnet. Av omsyn til storlom skal vasstanden i Heimsvatnet holdast stabil og så nært opp til høgste regulerte vasstand (HRV) som mogleg i perioden 01.05 - 15.06.

Det skal sleppast ei minstevassføring tilsvarande alminneleg lågvassføring på 3,48 m3/min heile året. Ei minstevassføring som foreslått vil sikre vassføring i Belsvikbekken heile året og vil vere viktig med tanke på å sikre og oppretthalde biologisk mangfald knytt til bekken. Tidlegare fiskesperre i Belsvikbekken har blitt fjerna, opplyser NVE.

– NVE ser positivt på at dagens vassuttak vert formalisert gjennom ein konsesjonsprosess. NVE vurderer at overgang til eit resirkuleringsanlegg, med mindre regulering av Heimsvatnet og slepp av minstevassføring, vil vere positivt for verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap og friluftsliv. Med ein produksjon av 14 mill. smolt vil anlegget gi eit betydeleg bidrag til produksjon av smolt i regionen/landsdelen, heiter det i meldinga frå NVE.

NVE meiner at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gir på bakgrunn av dette løyve til regulering og uttak av vatn frå Heimsvatnet.