To sjømatavtalar blir signerte måndag 20. mai. Signeringa skjer i samband med besøk frå Kina sin veterinær- og tollminister.
– Kina er ein av våre største vekstmarknader. Desse avtalane er viktige for norske sjømatbedrifter. Auken i sjømatkonsumet i Kina er større enn heile den årlege produksjonen i Noreg. Det seier litt om kor viktig dette landet er, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Måndag signerer fiskeriministeren lakseprotokollen med Kinas toll- og veterinærminister Ni Yuefeng. Avtalen blei første gong signert i Kina i 2017. Lakseprotokollen varer i to år, og bidreg til at handelen med laks blir meir føreseieleg.
Les også: Lakseavtale mellom Norge og Kina 23.05.2017
Avtale for fiskemjøl og fiskeolje
Noreg og Kina er også blitt einige om ein avtale som skal medverke til å sikre marknadstilgang i Kina for norsk fiskemjøl og fiskeolje. Det er stor interesse for handel med slike varer, både hos norske og kinesiske aktørar.
Protokollen om fiskemjøl og fiskeolje, blir signert av administrerande direktør Harald Gjein i Mattilsynet.