Friskmelder Raumavassdraga for Gyrodactylus salaris

I dag kunne Mattilsynet endelig erklære Raumavassdraget fri for Gyrodactylus salaris og overrekke beviset på det. Frå venstre: Rigmor Brøste (Fylkesmann i Møre og Romsdal), Inger Mette Hogstad (Mattilsynet), Ola Elvestuen (klima- og miljøminister) og Yvonne Wold (ordførar i Rauma). Foto: Mattilsynet

Ein 40 år lang kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris vart avslutta i dag, då Mattilsynet friskmelde elvane i Raumaregionen i Møre og Romsdal.

Det skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

– Dette er ein gledesdag. Friskmeldinga er ein stor siger, som viser at vi kan bekjempe Gyrodactylus salaris i store vassdrag. Likevel er det først og fremst ein siger for villaksen, sa Inger Mette Hogstad i Mattilsynet då ho overrekte friskmeldingsvedtaket til Klima- og miljøminister Ola Elvestuen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste, på ei markering på Åndalsnes.

Kamp til 100 millionar kroner

Raumaregionen består av elvane Rauma, Istra, Hensvassdraget (Isa m/Glutra), Innfjordelva, Måna, Breivikelva og Skorga. For nesten 40 år sidan vart lakseparasitten introdusert her. Parasitten er ein innført framand art, som kan utrydde heile bestandar av villaks i smitta elver.

Rotenonbehandlinga i 1993 var mislykka, for parasitten vart påvist att i 1996, og spreidde seg deretter igjen til nabovassdrag. Difor vart det gjort nye behandlingar i 2013 og 2014. Rauma er med sine 42 kilometer lakseførande strekning den lengste elva som er rotenonbehandla til no.

Friskmeldinga er resultat av eit omfattande arbeid med kamp mot lakseparasitten, reetablering av fisk og overvakingsarbeid, som har kosta over 100 millionar kroner.

Veterinærinstituttet planla og leia gjennomføringa av det svært omfattande arbeidet for å utrydde parasitten i vassdraga. Til saman var nesten 150 personar i sving under 10 intensive dagar både i 2013 og 2014 då rotenonbehandlingane vart gjennomført.

– Det har vore ein lang kamp i ein stor og komplisert smitteregion. Det er difor desto meir gledeleg at Mattilsynet no kan friskmelde vassdraga, seier prosjekt- og aksjonsleiar for arbeidet, Roar Sandodden i Veterinærinstituttet.

Vurderer opning av fisket

Rauma har lang tradisjon som ei populær elv for laksefiskarar. Det er no knytt spenning til når det kan bli opna for ordinært fiske i vassdraga.

– Vi veit at reetableringa av bestandane ligg godt an, men vi kan ikkje si noko sikkert om fisket før vi veit om gytebestandsmålet er nådd. Vi må gjere ei fagleg vurdering når vi får resultata frå gytefiskteljinga no i haust, men eit sterkt avgrensa fiske dei første åra etter ei friskmelding er vanleg, seier miljøverndirektør Linda Aaram hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Må hindre spreiing av parasitten

For å hindre spreiing av Gyrodactylus salaris til nye vassdrag, må alle som ferdast mellom elver og innsjøar vere nøye med å desinfisere og tørke brukt utstyr.

Det er forbode å flytte fisk mellom alle elver og vatn, og mellom ulike deler av same vassdrag. Det er viktig å hugse at parasitten kan overleve fleire dagar i frie vassmassar. Fiske- og padleutstyr må enten tørkast eller desinfiserast.

– Mot et Gyrodactylus salaris-fritt Norge

Den nasjonale kampen mot Gyrodactylus salaris, har vore ein lang kamp med nokre tilbakeslag. No står det att berre to regionar som ikkje er behandla; Drivaregionen og Drammensregionen.

– Vi er eit stort skritt nærare å utrydde parasitten i Norge. Friskmeldinga i dag lover bra for den vidare sjukdomsbekjempinga, avsluttar Inger Mette Hogstad.

Fakta om Gyrodactylus salaris i Noreg

  • Har vore påvist i totalt 50 vassdrag fordelt på 17 smitteregionar. Utryddingstiltak har i monaleg grad minka omfanget. Med friskmelding av Rauma er i dag er 38 vassdrag friskmelde, 5 vassdrag venter på friskmelding etter behandling og 7 vassdrag står att som infiserte - 4 i Drivaregionen og 3 i Drammensregionen.
  • Vart introdusert til Norge gjennom innførsel av framand laks og regnbogeaure minst fire gonger.
  • Parasitten har tidlegare vært den største menneskeskapte trusselfaktoren mot norske laksebestandar. Arbeidet med å fjerne er høgt prioritet, og dei siste åra har Vitenskapelig råd nedgradert trusselen frå parasitten.
  • Gyrodactylus salaris har ført til årlege inntektstap på om lag 200-250 millionar kroner, og har kosta Norge tre-fire milliardar kroner.


Fakta om kampen mot Gyrodactylus salaris

  • Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for bekjemping av G. salaris og bevaring/reetablering av bestandane.
  • Fylkesmannen har ansvaret for å lede dette arbeidet regionalt.
  • Veterinærinstituttet har på oppdrag frå Miljødirektoratet ansvar for den praktiske gjennomføringa av både bevaring/reetableringsarbeidet og den kjemiske behandlinga.
  • Mattilsynet har ansvar for overvaking og smittereduserande tiltak.
    (Kjelde: Mattilsynet)