Myklebust signerer ny kontrakt med Sølvtrans

Den nye brønnbåten vert 87,1 meter lang og får ein lastekapasitet på 4000 m3. Illustrasjon: Kongsberg Maritime CM

Myklebust Verft i Sande har inngått sin fjerde brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund.

Fartøyet er basert på Kongsberg NVC 389, og er av same design som Sølvtrans allereie har under bygging hos Myklebust. Den nye brønnbåten vert 87,1 meter lang, 18,0 meter brei og får ein lastekapasitet på 4000 m3.

Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av det som blir bygg nummer 76 frå Myklebust Verft, er kontraktsfesta til oktober 2021.

– Vi er stolte over å lykkast med fleire kontraktar til Sølvtrans. Det gjev oss store mogelegheiter til å, i lag med alle involverte aktørar, utnytte positive synergiar og læring frå prosjekt til prosjekt. Kontrakten inneber også mange leveransar frå ei rekkje lokale verksemder der dei største i omfang er Kongsberg Maritime, MMC FIRST PROCESS og Hareid Group, seier dagleg leiar ved Myklebust Verft AS, Inge-Jonny Hide.

– Vi opplever ein positiv marknad for denne 4000-kubikk serien som vi har kontrahert hos Myklebust, og for oss finn vi den kvaliteten vi jaktar på lokalt, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk.

Kontrakten høver godt med den strategien Myklebust har valt, med å bygge fleire fartøy til same kunde med kjend teknologi og design.

– Det er også ei stor tillitserklæring frå Sparebanken Møre, at dei stiller med byggefinansiering til nok eit nybygg ved Myklebust Verft, seier Hide.

Med denne kontrakten har Myklebust ein ordrereserve på om lag ein milliard kroner innan nybygg og ettermarknad. Verftet har 135 eigne tilsette.