Rømt oppdrettslaks frå ukjende kjelder på Vestlandet

Illustrasjonsfoto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet følgjer opp vassdrag i Ytre Sogn og Sunnfjord, samt på Sør-Vestlandet, etter å ha motteke fleire rapportar om fangst av rømt oppdrettslaks.

Fiskeridirektoratet har fått meldingar om fangstar av rømt oppdrettsfisk i Åna-Sira, Kvina og Sokna, i storleiken 1-2 kilo. Fiskeridirektoratet har bede dei aktuelle oppdrettsselskapa i området om å sjekke sine anlegg. Ingen av desse melder om avvik som kan vere knytt til rømming, skriv direktoratet i ei melding.

Fiskeridirektoratet har òg motteke tips om fangst og observasjonar av rømt oppdrettslaks i Ytre Sogn og Sunnfjord. Fisken er i storleiken 3-5 kilo. Fangstane er tekne i Vadheimsfjorden, Høyangsfjorden og Sula, samt i vassdraga Gaula, Nausta og Jølstra. Heller ikkje her kan Fiskeridirektoratet knyte førekomstane til noka rapportert hending. Aktuelle aktørar har blitt bedne om å sjekke anlegga sine også her.

På bakgrunn av meldingane om fangst og observasjonar av rømt oppdrettslaks, vil Fiskeridirektoratet sørge for oppfølging av vassdrag i begge regionane. Arbeidet vil ta til så snart tilhøva ligg til rette for det.

– Nyttige tips

Fiskeridirektoratet rettar ein takk til alle som så langt har meldt inn tips, som har gjort direktoratet i stand til å setje i verk tiltak.

Direktoratet ber publikum om å fortsetje å melde frå om fangst av rømt fisk. Alle tips kan meldast til FMC – Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral. Fiskeridirektoratet er òg interessert i bilete av fangst og skjelprøvar av gjenfanga rømt fisk på Sør-Vestlandet.

Fiskeridirektoratet understrekar at gjeldande regelverk for fiske må følgjast.