Lite laks kan gi stans i fisket i Tanavassdraget

Tanaelva. Foto Sturla Brørs / Miljødirektoratet

Låge bestandar av laks i Tanavassdraget uroar både finske og norske styresmakter. Resultatet kan bli stans i laksefisket i Tanavassdraget komande sesong.

– Tanalaksen er under stort press, og fleire av laksebestandane i vassdraget har ikkje lenger eit haustbart overskot. No er det avgjerande å bygge opp igjen desse viktige laksebestandane. Det kan bety stans i laksefisket komande sesong, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.

Kvart år evaluerer norske og finske styresmakter og lokale rettshavarar korleis fiskereglane for Tanavassdraget har fungert siste fiskesesong. Så blir dei einige om endringar i reglane for den komande sesongen.

I år har diskusjonane teke lengre tid, og prosessen er blitt forseinka. Grunnen til dette er statusrapporten frå den finsk-norske overvakings- og forskingsgruppa for Tanavassdraget, som viser at statusen for laksebestandane i Tana går raskt nedover. Sonarteljingar i vassdraget, syner at berre litt over 14 000 laks kom opp i vassdraget for å gyte sommaren 2020. Dette er under halvparten så mange laks som kom opp i 2018, som heller ikkje var eit spesielt godt år.

Føreslår stans i elvefisket

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og Finland sin jord- og skogbruksminister Jari Leppä diskuterte tilstanden til Tanalaksen i eit eige møte 26. februar i år.

Klima- og miljødepartementet sende deretter eit framlegg til finske styresmakter, om å stenge for alt laksefiske på grenseelvstrekninga i 2021. I tillegg vil Klima- og miljødepartementet ikkje opne for laksefiske i dei norske sideelvene og nedre norske del av Tanavassdraget.

Vil ikkje opne for sjølaksefiske

Miljødirektoratet har òg sendt ut framlegg om ikkje å opne for fiske i Tanafjorden og andre områder på Finnmarkskysten kor tanalaks kan bli fiska.

– Samla sett vil desse tiltaka gje tanalaksen eit sterk vern i den komande sesongen. I Tanavassdraget vil det framleis vere mogleg å fiske etter andre artar enn laks, heiter det vidare i meldinga frå departementet.

Finland planlegg å svare på det norske forslaget i løpet av den neste veka. Når det er oppnådd semje mellom landa om reglane for komande fiskesesong, blir forslaget sendt ut på høyring. Endringane vil tre i kraft før 1. mai.