Det rømte nesten 39.000 laks frå Midt-Norsk Havbruk

Illustrasjonsfoto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet

Det rømte i underkant av 39.000 oppdrettslaks ved Midt-Norsk Havbruk AS sitt anlegg i Lekafjorden nord i Trøndelag i august. Dette er klart etter at det som var att av fisk i merden er slakta ut.

Fiskeridirektoratet har fått tal frå Midt-Norsk Havbruk, som syner at det rømte i underkant av 39 000 fisk ved lokaliteten Dolma N i Nærøysund kommune i slutten av august i år.

Det gå fram av ei oppdatering om hendinga frå Fiskeridirektoratet i dag.

Fiskeridirektoratet vart 26. august varsla av Midt-Norsk Havbruk AS om rømming av laks frå lokaliteten. Oppdrettsselskapet hadde då oppdaga eit stort hol i ei nót, etter at det hadde vore dårleg vêr. Fiskeridirektoratet starta då ei tilsynssak mot selskapet.

Seinare fekk Fiskeridirektoratet meldingar frå både privatpersonar og yrkesfiskarar, om fangstar og observasjonar av oppdrettslaks i eit større område etter hendinga, frå Nærøysund i Trøndelag og nordover til Sømna i Nordland fylke.

Midt-Norsk Havbruk AS er eit dotterselskap av NTS ASA.

Dusørfiske

Fiskeridirektoratet påla oppdrettsselskapet å drive gjenfangsfiske i eit utvida område etter rømminga. Direktoratet har per 15. september registrert gjenfangst av 8 170 oppdrettslaks etter hendinga. Fisken er om lag 4 kilo i storleik.

Det vart òg opna for eit organisert gjenfangsfiske, der oppdrettsselskapet betalar 250 kroner for kvar rømt oppdrettslaks, som vert gjenfanga innanfor eit spesifikt område ved kysten av Trøndelag og Nordland. Området er avgrensa til kommunane Bindal og Sømna, samt delar av kommunane Nærøysund og Leka.

Det går framleis for seg eit gjenfangstfiske med dusør etter påmelding, og direktoratet opplyser at det frå dette fisket, framleis vert meldt inn betydelege fangstar.

– Området for dette fisket er difor utvida noko sørover, og vil bli vurdert utvida i nord, opplyser Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet ønskjer fleire tips

Fiskeridirektoratet ønskjer fleire tips om fangst av rømt oppdrettsfisk. Tips kan meldast til direktoratet sin døgnopne vaktsentral.