Om lag 35.000 laks forsvant ved rømminga i Vadheim

Illustrasjonsfoto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet

Aller Aqua Norway AS opplyser at om lag 35 000 laks rømde frå ei merd ved lokalitet Floteneset i Vadheimfjorden i Høyanger kommune 29. oktober 2022.

Fiskeridirektoratet har motteke endelege tal frå Aller Aqua Norway AS, etter at attveranda fisk i den aktuelle merda er slakta ut. Tala syner at om lag 35 000 fisk rømde frå lokaliteten Floteneset 29. oktober 2022. Det framgår av ei melding frå Fiskeridirektoratet fredag.

Selskapet rapporterer òg inn tal for både eigen gjenfangst og gjenfanga fisk dei har teke imot frå andre. Per 10. november var det gjenfanga til saman 9 300 fisk. Selskapet melder om at hovuddelen av fangstane er teke i Sognefjorden vest for Vadheimsfjorden.

Tiltak i vassdrag

Aller Aqua har sett i gang miljøovervaking og uttak av rømt oppdrettsfisk i elleve vassdrag i Sognefjorden, etter pålegg frå Fiskeridirektoratet.

– Målet er at fisk frå rømminga ved lokalitet Floteneset ikkje skal få gyte i dei aktuelle vassdraga. Arbeidet, som vert utført av Norce, vil halde fram så snart tilhøva i felt har betra seg, opplyser Fiskeridirektoratet.

Mottak av fisk og dusør

Selskapet har etablert ein mottaksstasjon på kaia i Vadheim, der dei tek imot fisk kvar dag klokka 15:00, frå dei som ønskjer å levere inn oppdrettslaks dei har fiska. Selskapet opplyser at dei vil betale 200 kroner for kvar fisk som blir levert. Ein må kontakte selskapet på førehand, før levering.

Fiskerdirektoratet presiserer at publikum må halde seg til gjeldande reglar for fiske i sjø i Vestland fylke.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips om fangt av oppdrettslaks i området, gjerne supplert med bilde av fisken. Personar som ønskjer å melde inn tips, kan gjere det her: Tips Fiskeridirektoratet.

Tipsa kan vere til hjelp for direktoratet si vurdering av omfang og spreiing av oppdrettslaksen.