Marine Harvest Labrus satsa i 2002 tungt på det som skulle bli ei ny gullgruve innan fiskeoppdrett. Slik blei det ikkje, og no legg anlegget om til produksjon av leppefisk.
Anlegget til selskapet som den gong hadde namnet Cod Culture Norway, var verdas første kommersielle yngelanlegg for torsk, men no gjev dei tre tonn stamtorsk til eit godt føremål og satsar tungt på leppefisk og luseetar berggylta, skriv VestNytt.
– Ein epoke er over for oss no. Me fekk rett og slett ikkje selt torsken, ikkje fordi torsken var dårleg, men fordi marknaden tørka opp, seier driftsleiar Henning Sandøy til avisa.
– I fjor leverte me åtte millionar torskeyngel. Det er det meste me har levert nokon gong, fortel den driftsleiaren.
Problemet var at dei sat att med to og ein halv millionar torskeyngel.
– Desse måtte me destruera. Det likte me ikkje, men finanskrisa tok rett og slett tak i oss, seier Sandøy.
Marine Harvest Labrus på Kollsnes i Øygarden, er no den første kommersielle aktøren som driv med berggylteoppdrett.
– Leppefisken et lusa rett av laksen. Det er ein svært besparande metode, både økonomisk og miljømessig, seier Henning Sandøy, som sjølv har fiska opp den berggylta som skal verta neste generasjon stamfisk på Kollsnes.
Oppdrettskonsernet har satsa stort på berggylteprosjektet. Ti millionar kroner i tre år er sett av for å sjå om dette kan vera framtida si næring, skriv avisa.