Oppdrettarar kritiske til gruveplanar

Sunnfjord: - Nordic Mining bør på nytt utgreie kva negative følgjer utslepp til Førdefjorden kan få mellom anna for havbruksnæringa, det krev HAVdyrkerne.

Andelslaget HAVdyrkerne, som organiserer 30 oppdrettsverksemder i tre vestlandsfylke, stiller seg i ein høyringsuttale, kritiske til planane om utvinning av rutil frå Engebøfjellet i Naustdal i Sogn og Fjordane og konsekvensane av deponering av avgangsmasse og giftstoff i Førdefjorden. Det melder Firdaposten.

HAVdyrkerne er kritiske både til Nordic Mining sine manglande konsekvensutgreiingar, og til Fylkeskommunen si rolle i saka.

– Eg opplever det som underleg at fylkesrådmannen i forslaget sitt til vedtak i fylkesutvalet, ikkje nemner havbruksnæringa med eit einaste ord i rutilsaka, seier dagleg leiar i HAVdyrkerne, Odd H. Johannessen.

– Då er det nærliggjande å spørje om konsekvensar for vår næring er heilt uvesentleg dersom det blir gruvedrift i Engebøfjellet og store utslepp til Førdefjorden, seier Johannessen.

HAVdyrkerne fryktar at seks millionar tonn avgangsmasse til Førdefjorden årleg, kan skape ubalanse i fjordsystemet og påføre fisken sjukdom og skader.

HAVdyrkerne fryktar også negative konsekvensar av bruken av ti tonn Magnafloc årleg, eit stoff som inneheld det kreftframkallande stoffet polyacrylamid, skriv avisa.

– Dersom dette stoffet, og andre kjemikaliar som er tenkt nytta blir målbare i fjordsystemet, der vi produserer matfisk, vil vi med stor sannsynlegheit få reaksjonar frå marknaden, med god hjelp frå miljøvernarane, uttalar Johannessen.

– Dette vil råke heile næringa, ikkje berre dei anlegga som er lokalisert i sjølve Førdefjorden, seier Johannessen.

Johannessen spør også om kven som bør ha fortrinnsrett til å bruke fjorden:

– Det har vore havbruksaktivitet i Førdefjorden sidan tidleg på 1970-talet, og i det aktuelle området sidan midt på 80-talet.

Vi stiller spørsmål ved om ikkje fiskeri og havbruk har førsterett til bruk av området til næringsaktivitet, seier Johannessen.