Nye forskrifter om avgiftsauke og områder unnatekne vekst

Fiskeri- og kystdepartementet sender i dag forskrift om avgiftsauke for å finansiere styrka havbrukstilsyn, og forskrift mot produksjonsauke i lakse- og aureoppdrett i 2010 ut på høyring.

I dag sender Fiskeri- og kystdepartementet på høyring forslag om avgiftsauke for å finansiere styrka havbrukstilsyn, og om kapasitetsauke i lakse- og aureoppdrett i 2010.

– Dei to forslaga vil, kvar på sin måte, kunne bidra til at utviklinga i havbruksnæringa blir miljømessig berekraftig, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Les også: Ny forskrift skal hindre oppdrettsvekst 13.10.2009

Sender rekninga til oppdrettarane

I budsjettet for 2010 gjer regjeringa framlegg om å styrke Fiskeridirektoratets havbrukstilsyn med 10 mill. kroner mot ein tilsvarande avgiftsauke. Tilsynskostnadene har vakse dei seinaste åra, og kontrollane er i dag meir omfattande og samansette enn tidlegare. – Det er viktig at vi no aukar tilsynskapasiteten til direktoratet, mellom anna for å følgje opp rømming og regelverket for maksimalt tillaten biomasse (MTB), seier Ulriksen.

Departementet foreslår at lokaliteten sin maksimale tillatne biomasse blir lagt til grunn i avgiftsberekninga – fordi større lokalitetar er meir ressurskrevjande å føre tilsyn med, men storleiken på avgifta aukar ikkje proporsjonalt med lokalitetsstorleiken. Dette vil stimulere til å bruke dei største og antatt beste lokalitetane, og slik leggje til rette for ein betre lokalitetsstruktur.

Fem prosent auke i MTB

Fiskeri- og kystdepartementet tek sikte på å gi tilbod om å auke maksimalt tillaten biomasse (MTB) på løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure med 5 prosent prosent i 2010.


Nei til vekst i delar av landet

Dette gjeld likevel ikkje dei nasjonale laksefjordane og følgjande kyst- og fjordområde kor kapasitetsauke ikkje blir sett på som miljømessig berekraftig: Indre Ryfylke, Sunnhordland, Midthordland, deler av Nord-Trøndelag og deler av Sør-Troms.

For å førebu gjennomføringa av kapasitetsauken, sender departementet no på høyring forslag til korleis og kvar auken kan skje.

– Dette er ei oppfølging av det regjeringa bestemte om kapasitetsauke i august, og det at nokre område er unnatekne, er ein konsekvens av skilnaden i dei lokale og regionale miljøforholda, seier Ulriksen.

Unntaka er følgjelig grunngjeven i den aktuelle miljø- og sjukdomssituasjonen, og vil ikkje være varige. Dei gjeld til dei blir oppheva.

Mellombels forskrift

For å forhindre tilpassing i perioden før forskrift om kapasitetsauke trer i kraft, har departementet i dag fastsett ei mellombels forskrift om særskilte tiltak i unntaksområdane. Denne gjeld frå i dag, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet.

Frist for høyringsinnspel er for begge høyringane sett til 1. desember 2009.