- Etterlengta opning i tollmuren til EU

Del saken

FHL er svært fornøgd med at norske styresmakter har forhandla fram nye tollfrie kvoter for tilverka sild og reker frå Noreg.

Les også: Norge og EU enige om tollfri import 18.12.2009

- Sjeldan kost

- Dette er sjeldan kost og vert svært godt motteke i næringa, seier Kristin Alnes i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) i ei pressemelding.

EFTA og Noreg har sidan hausten 2008 forhandla om vidareføring av EØS-kontingenten. Noverande finansieringsordning gjaldt for ein femårsperiode fram til 30. april 2009 og forhandlingane er difor førte langt på overtid.

Parallelt med forhandlingane om kontingent har det også vore forhandla om vidareføring av kompenasjonskvoter for sild, makrell og reker, som også var tidsavgrensa fram til same dato.

- Av stor verdi

- EU har svært høge tollmurer på tilverka produkt av sild, og det har hindra utvikling av næringa på dette området i Noreg. Desse kvotane vil vere til stor verdi for bedriftene, og vil garantert verte fullt utnytta frå dag ein, seier Kristin Alnes.

Kvotane vil verte nytta på sild som alternativt vil gå i utilverka frosen tilstand til EU-marknaden. 

I tillegg er det semje om å auke den tollfrie kvoten på frosne pilla reker med 2 500 tonn, noko som gir ein totalkvote på 12 500 tonn.

- Det er svært viktig for den norske rekenæringa, som over lang tid har levd med at viktige konkurrentar, Island har full tollfri tilgang til EU-marknaden, seier Alnes.