Informerer om sjømat frå Grenlandsfjordane

I ei ny brosjyre kan du lese meir om kva for sjømat du kan ete og kva for sjømat du ikkje bør ete når maten er fanga i Grenlandsfjordane.

Brosjyren tek for seg torsk, sjøaure, krabbe, sild, makrell, ål, blåskjell, reker og hummar. Du finn også informasjon om tilstanden i fjordane og på sjøbotnen.

SFT har utarbeida brosjyren saman med NIVA, Hydro, ENIOS og Eramet Comil.