Kontrakt om slepebåt for Vestlandet

Frå 1. januar vart den nasjonale slepeberedskapen utvida til også å gjelde Vestlandet.

Etter ein tøff konkurranse med fleire gode og kvalifiserte tilbydarar, vart Buksér og Berging AS vald som leverandør av nasjonal slepeberedskap på Vestlandet, melder Kystverket.

Fartyet som skal ta i vare slepeberedskapen er BB «Ocean», som har operasjonsområde mellom Kristiansund og Fedje. Kontrakten er på eitt år, med opsjon på eitt ekstra år. Fartyet vert disponert av Kystverket, og Vardø trafikksentral har operativ kontroll over fartyet.

BB «Ocean» er bygd i 2006, er 34,6 meter lang og har ei slepekraft på 75 tonn. I tillegg til slepekapasitet, er fartyet utstyrt med oljevern- og brannsløkkingskapasitet (FIFI 1).

I kontrakten med Kystverket, har leverandøren også plikta seg til å installere oljedetekterende radar og infraraudt kamera om bord. Det vil gjere fartyet i stand til å oppdage olje på sjøen også i mørkret.

Kystverket er særs nøgd med å ha BB «Ocean» som ein del av den nasjonale slepeberedskapen. Vardø trafikksentral, som har ansvar for overvaking av all skipstrafikk utanfor grunnlinja langs kysten, vil posisjonere fartyet ut frå den til ei kvar tid gjeldande risikovurdering.

– Dette vil vere med på styrkje tryggleiken ytterlegare for sjøfarande langs kysten, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen, som er godt nøgd med at det no er inngått ei kontrakt for slepeberedskap på Vestlandet.

Les også: Buksér og Berging får slepebåtberedskapen på sørlandskysten 02.10.2009