Uventa og viktig funn av kveitelarvar

Kveitelarve frå Skjerstadfjorden i Nordland. Foto: Terje van der Meeren / Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet gjorde et sensasjonelt funn av kveitelarvar i Skjerstadfjorden i Nordland.

Dei fire kveitelarvene som hamna i håven under eit torskelarvetokt i Nordland tilhøyrer ein eksklusiv klubb. Til tross for at kveita er utbreidd på begge sider av Nord-Atlanteren, er berre 59 kveitelarver funne på verdsbasis tidlegare.

At larvene til kveita, den største beinfisken i våre farvatn, skal vere så vanskeleg å finne, kan synast som eit paradoks. Forklaringa ligg i biologien til hokveita og hos avkommet sjølv, melder Havforskingsinstituttet.

Lettare å finna torskeegg

Egg og larver frå fisk har generelt låg overleving; anten blir dei mat for andre eller dei svelt i hel. Både torsk og kveite kompenserar for dette med å produsere store mengder egg. Kveita produserer mellom ein halv og sju millionar egg per gytesesong. Ei stor torskeho kan gyte mellom fem og ti millionar egg.

Talet på egg er sterkt avhengig både av storleiken på den einskilde gytefisken og av gytebestanden sett under eitt, og forskarane snakkar heller om biomasse (den samla vekta av all gytefisken) enn kor mange egg kvar hofisk gyt.

– Generelt vil biomassen hos torsk på eit gytefelt langt overstiga biomassen for kveite; rett og slett fordi det er mange fleire torskar enn kveiter. Torsken gyt ofte i bukter og viker på grunnare vatn, og det er difor mindre volum med vatn som torskeegga og larvane kan verta spreidde i. Kveita gyt gjerne i djupet midt i fjordane, forklarar forskar Terje van der Meeren, som oppdaga kveiteyngelen og fekk han DNA-testa.

Held seg i djupet

Kveita føretrekkjer å gyte på blautbotn på mellom 300 og 700 meters djup, men det er funne kveiteegg så djupt som 1000 meter. Dei nyklekte larvane blir verande ei god stund i djupet, der dei livnærar seg av innhaldet i plommesekken dei har med seg frå egget.

– Plommesekkstadiet varer så lenge som 40 dagar. På denne tida rekk larvane å spreie seg godt i dei store vassmassane i fjorden. Det er nok grunnen til at dei er observert så sjeldan. For å finne kveitelarvar i dette stadiet, må det takast veldig mange prøvar med håv i djupet. Hittil har ein ikkje funne plommesekklarvar, men vi veit dei står djupt ut frå åtferda deira i oppdrett, seier Terje van der Meeren.

Opp for å ete

Når det er slutt på plommesekken må kveitelarvane fange sin eigen mat. Dei sym til dei øvste vasslaga der maten – for det meste raudåtelarvar – er å finne. Larvefangsten i Nordland vart gjort på fem til ti meters djup. Larvane var ca. 16 millimeter lange og antakeleg nær to veker gamle (alder målt etter første næringsinntak). Dei vart fanga saman med raudåte og torskelarvar.

– Å finne så mange som fire kveitelarvar på et så tidleg stadium er særs uvanleg, og betyr at det truleg er mykje kveitelarvar i Skjerstadfjorden i år. Lokale fiskarar har fått ungkveite i torskegarn og også fanga ei og anna stor kveite i fjorden. Det tyder på at det er både aktive gytefelt og oppvekstområde for kveiteyngel i Skjerstadfjorden, seier Terje van der Meeren.

Lært av oppdrettskveita

Det meste av kunnskapen om dei tidlege livsfasane hos kveita, kjem frå forsking knytt til yngelproduksjon hos oppdrettskveite. Kveiteegga inneheld eit klekkjeenzym som vert hindra av lys. I kveiteoppdrett blir likevel lys brukt for å få til ei synkronklekking.

Embryoa i egga utviklar seg med litt ulik hastigheit. Nokon egg vil difor vere klar til å klekke før andre, noko som er ei ulempe i oppdrett. Seint i utviklinga vert difor egga eksponerte for nok lys til at dei ikkje klekkjer. Når dei fleste egga er klar for klekking, vert så lyset sløkt, og egga klekkjer innan ein time. I oppdrett skjer dette i store «kveitesiloar», der eggeskala søkk til botnen og enkelt kan fjernast.

Utnyttar larveåtferda

Dei nyklekte larvane er lette og vil stige i vassøyla. Etter få dagar vert dei tyngre og søkk mot botnen igjen. I denne fasen vil larvane symje vekk frå lyset, og i siloane er det difor heilt mørkt. Etter vel 40 dagar nærmar dei seg stadiet der dei må fange sin eigen mat. I sjøen vil dei då symje aktivt opp mot den lyse overflata der maten er. I siloane vert denne åtferda nytta til å fange alle larvane i bøtter under ei lyskjelde, når dei skal over i startfôringstankane.

– Bonus på torskeyngeltokt

Larvefunna i Skjerstadfjorden vart gjorde då forskarane frå Havforskingsinstituttet samla inn torskelarvar frå gyteområde for torsk. Feltarbeidet vart gjennomført for å undersøkje om rømt oppdrettstorsk har produsert avkom på gytefelta i fjorden. Dei fire kveitelarvene var ein uventa bonus, som viser at det etter alt å døme også er kveite som gyt og veks opp i Skjerstadfjorden, opplyser Havforskingsinstituttet.

– Det er såpass oppsiktevekkjande med observasjonar av ville kveitelarvar at vi spøker med at vi no har stoff til fire publikasjonar. Uansett viser funna at det vi har sett av kveitelarveåtferd i oppdrett også gjeld ute i naturen. I vidare planlegging av korleis fjorden skal brukast må det takast omsyn til at det er gyte- og oppvekstområde for kveite her, seier Terje van der Meeren.