Løyvingar til fiskerihamner og farleier

Del saken

Statsbudsjettet: Regjeringa foreslår å løyve midlar til ei rekkje fiskerihamner og farleiprosjekt.

- Fiskerihamner er viktige for å vidareutvikle fiskerinæringa og sikre busetting langs kysten. Tiltak i farleiene aukar sikkerheita og gjer det lettare å ta seg fram i farvatna, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

I 2012 vil det bli sett i gang prosjekt som i følgje handlingsprogrammet til Kystverket skulle ha starta i 2013. Forseringa av prosjekt kjem av at enkelte ferdige prosjekt er blitt billegare enn rekna med, andre har hatt forseinka framdrift og dermed lågare utbetalingsgrad og eitt større prosjekt har falle bort.

Les også: - Ansvarlig budsjett viktig for kysten 06.10.2011
 
Prosjekt

Forslag til nye prosjekt som skal få løyving i 2012 – fylkesvis oversikt:
 
Finnmark

  • Hasvik kommune får 35 millionar kroner til utbetring av molo i Breivikbotn.
  • Tana kommune får tilskot på 670 000 kroner til flytebrygge/bølgjedempar i Sjusjok og tilskot på 1 650 000 kroner til kai/bølgjedempar i Torhop.
  • Gamvik kommune får tilskot på 1 380 000 kroner til flytebrygge i Mehamn.
  • Vadsø kommune får tilskot på 1 937 500 kroner til molo.
  • Sør-Varanger kommune får tilsegn om tilskot på 634 375 kroner til flytebrygge i Bugøynes, som kan utbetalast i 2013. 

Troms

  • Karlsøy kommune får 34 millionar kroner til å starte utbygginga av Vannvåg fiskerihavn. Prosjektet er framskunda eitt år i høve til Kystverket sitt handlingsprogram, og omfattar bygging av to moloar som skjerming for hamna og utdjuping til 8 meters djup i den nye ytre hamna. Totalramme er 45 millionar kroner, og utbetaling i 2012 er 34 millionar kroner.
  • Farleia inn til Harstadbotn skal utdjupast til 60 meters breidde og 9 meters djupne. Dei samla kostnadene til prosjektet er rekna til 36 millionar kroner, utbetalinga i 2012 er 23 millionar kroner. Dette prosjektet blir samkjørt med miljømudring i Harstad havn, der Harstad kommune samarbeider med Klima- og forureiningsdirektoratet. Kystverket er prosjektleiar for begge prosjekta.
  • Finnsnesrenna, mellom Harstad og Tromsø, skal utbetrast til 150 meters breidde og 11 meters djupn. Tidlegare er Gisundet og Rystraumen utbetra i den same hovudleia. Dei samla kostnadene til utbetring i Finnsnesrenna er 70 millionar kroner, med utbetaling på 35 millionar kroner i 2012. Arbeida er framskunda eitt år i høve til Kystverkets handlingsprogram.
  • Lyngen kommune får tilskot på 3,392 millionar kroner til mudring i Nord-Lenangen.
  • Karlsøy kommune får tilskot på 2,438 millionar kroner til molo/liggekai i Stakkvik.
  • Lyngen kommune får tilskot på 280 000 kroner til mudring i Lenangsøyra.
  • Tromsø kommune får tilskot på 630 000 kroner til mudring i Løksfjord.
  • Berg kommune får tilsegn om tilskot til flytebrygge i Senjahopen på 700 000 kroner som kan utbetalast i 2013.

Nordland

  • I Træna kommune startar arbeida med utbetring av hamna i Træna. Prosjektet er framskunda eitt år i høve til Kystverkets handlingsprogram, og omfattar utdjuping, skjermingsmolo og oppmerking. Planlagt løyving i 2012 er 30 millionar kroner, totalramma for prosjektet er 234 millionar kroner.
  • Torgværleia i Brønnøy kommune skal utdjupast og merkast. Totalramma for prosjektet er 55 millionar kroner, av desse er 50 millionar planlagt utbetalt i 2012.
  • Bø kommune får tilskot på 13,09 millionar kroner til kai i Steinesjøen.
  • Herøy kommune får tilsegn om tilskot til kai i Hestøy på 5,368 millionar kroner som kan utbetalast i 2013.

Nord-Trøndelag

  • I Vikna kommune skal det byggast to moloar ved Ramstadlandet og Tjønnholmen. Kostnadsramma er 14 millionar kroner. Utbygginga er framskunda eitt år i høve til Kystverkets handlingsprogram.

Sør-Trøndelag

  • Frøya kommune får tilskot på 440 000 kroner til rehabilitering av kai i Ørnflaugvågen. •Frøya kommune får tilskot på 410 000 kroner til rehabilitering av kai i Bremnesvågen.

Møre og Romsdal

  • Arbeidet i Åramsundet blir vidareført med del 2, som omfattar utdjuping av fem område. Totale kostnader for del 2 er rekna til 70 millionar kroner, utbetalinga i 2012 er 45 millionar kroner.
  • Ålesund kommune får tilskot på 10 millionar kroner til bygging av pirkai i Ålesund havn. Prosjektet er totalt kostnadsrekna til 60 millionar kroner, og fekk eit tilskot på 10 millionar kroner også i 2011, slik at totalt statleg tilskot er på 30 prosent av kostnadsramma.

Sogn og Fjordane

  • Bremanger kommune får tilsegn om tilskot til kai i Kalvåg på 9,375 millionar kroner som kan utbetalast i 2013.

Vest-Agder

  • Lindesnes kommune får tilskot til vidare utdjuping i Båly havn på 1,11 millionar kroner.

Telemark

  • Kragerø kommune får tilsegn om tilskot til fiskerikai i Kragerø på 3,714 millionar kroner som kan utbetalast i 2013.

Vestfold

  • Larvik kommune får tilskot til flytebrygger i Ula og Hølen fiskerihavner på 100 000 kroner.
  • Tjøme kommune får tilsegn om tilskot til flytekai og utdjuping i Sandøsund/Verdens Ende som kan utbetalast i 2013. Dette kjem i tillegg til tidlegare tilsegn til same prosjekt.

Østfold

  • Hvaler kommune får tilskot på 980 000 kroner til bygging av kai i Utgårdskilen.

Hoveddokument
Proposisjon nr. 1 S (2011 - 2012) Fiskeri- og kystdepartementet