Kvote for nordaustarktisk sei i 2012

Fiskeri- og kystdepartementet har sett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 164 000 tonn i 2012.

Dette er ein nedgang på 9 000 tonn (5,2 prosent) frå 2011. Kvoten er i tråd med den etablerte forvaltningsstrategien og rådet frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES), opplyser Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Les også: Tilrår høgare torske- og hysekvotar 10.06.2011

Trass i at fangstkvantumet av sei nord for 62°N dei siste åra har vore lågare enn dei fastsette totalkvotane, er det framleis noko nedgang i gytebestanden. Forvaltninga av sei byggjer på ein strategi som ICES i 2007 vurderte til å vere i tråd med føre-var-prinsippet.

Etter departementet si vurdering fungerer denne forvaltningsstrategien godt, og bestanden av sei er forvalta på ein berekraftig måte.

Sei nord for 62 °N er ein norsk bestand, og Noreg forhandlar ikkje med andre land om kvotefastsetting og forvaltningsopplegg.