- Veit ikkje nok om gruvedeponi

Del saken

Fiskeridirektoratet meiner konsekvensane av å deponere giftige gruvemassar i Repparfjorden i Finnmark ikkje er godt nok greidd ut.

Det er mykje uvisse knytt til korleis fiskebestandane vil tåle gruveavfallet, meiner direktoratet.

Kvalsund kommune i Finnmark har laga ein reguleringsplan for gruvedrift i området Nussir/Ulveryggen. Det er planlagd eit fjorddeponi som inneber at 2 millionar tonn gruveavfall med eit høgt innhald av tungmetall, spesielt kobbar, vert tilført fjorden årleg.

Fiskeridirektoratet protesterar

– Fiskeridirektoratet region Finnmark protesterar mot planen fordi eit område med viktige regionale og nasjonale ressursar kan bli vesentleg mindre verdt. Vi støttar vårt syn på forsking gjort av Havforskingsinstituttet, som er vår viktigaste rådgjevar i spørsmål knytt til livet i havet, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord i ei pressemelding.

Les også: Bekymret for torsken i Repparfjorden 11.11.2009

Gytefelt og laksefjord

Fiskeridirektoratet meiner det er ei rekkje usikre faktorar knytt til deponeringa av gruveavfall:

  • Eit gytefelt for torsk i Repparfjorden vil heilt eller delvis overlappe utsleppsområdet. Erfaring frå sist gong det var gruvedrift i Repparfjorden kan tyde på at deponering av gruveavfall fører til at torsken forlet gytefeltet. 
     
  • Anslaget over kor mykje torsk som vert fanga i dag er uvisst. Repparfjorden kan ha ein langt større verdi som fiskefjord enn det som kjem fram i konsekvensutgreiinga, spesielt dersom torskebestanden får tid til å byggje seg opp att.
     
  • Repparfjorden er viktig for torskebestandar andre stadar enn i fjorden, fordi liten fisk vandrar ut og kan fiskast på andre stadar. Rekrutteringssvikt i Repparfjorden kan difor ha konsekvensar for torskefisket regionalt. Dette er ikkje vurdert i konsekvensutgreiinga.
     
  • Repparfjorden er ein nasjonal laksefjord. Straumar vil kunne spreie gruveavfall i fjorden, og det kan vere alvorleg risiko for laksefisk å verte utsett for finfraksjonen i gruveavfallet.
     

- Mangelfull utgreiing

Det uroar Fiskeridirektoratet at konsekvensutgreiinga etter direktoratet sitt syn, tek lite omsyn til verdien av marin natur og marine ressursar. Direktoratet fryktar at utgreiinga på feil grunnlag konkluderar med at alvorleg forureining får liten konsekvens.

– Vi er redde for at utsleppa av gruveavfall i Repparfjorden kan gje alvorleg forureining med store negative følgjer for livet i fjorden og sjømatinteressene. Korleis utslepp innverkar på naturen er etter vårt syn mangelfullt utgreidd og ein bør bruke førevar-prinsippet, seier Holmefjord. 

– Som offentleg etat er vi opptekne av at saker som er vesentlige for samfunnet er tilstrekkeleg opplyst slik at politiske vedtak vert tatt på best mogleg grunnlag, avsluttar Holmefjord.

Les meir
•  Nussir ASA sin reguleringsplan med konsekvensutgreiing for planlagd gruvedrift (Pdf 5.24 MB)