Skal diskutere handel i Kina

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik, og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: NFD
Del saken

Promotering av norsk sjømat og møter med kinesiske styresmakter og norske bedrifter står på programmet når næringsministeren og fiskeri- og sjømatministeren besøker Kina i komande veke.

- Kina er Noreg sin viktigaste handelspartnar i Asia. Med sine 1,4 milliardar innbyggjarar er landet ein svært viktig marknad for norske bedrifter, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Både han og fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker Kina i komande veke.

Les også: Røe Isaksen og Nesvik til Kina 17.08.2019

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen møter viseminister Wang Schouwen i det kinesiske handelsdepartementet (MOFCOM) og deltek mellom anna på norsk næringsliv si kraftsamling i Shanghai, Norway Asia Business Summit (NABS). Næringsministeren møter også norske studentar, gründerar og fleire verksemder som er til stades i Kina.

Norway-China Seafood Summit

Nesvik startar sitt besøk i Qingdao tysdag 29. oktober. Her skal han delta på Norway-China Seafood Summit, som blir arrangert av Sjømatrådet.

Onsdag deltek Nesvik på China Fisheries & Seafood Expo, som er ei av dei største sjømatmessene i verda. Det er den kinesiske viselandsbruksministeren Yu Kangzhen som er vertskap. Saman skal dei besøke bedrifter på den norske paviljongen, som er i regi av Innovasjon Noreg.

Ønskjer å eksportere meir sjømat til Kina

Torsdag skal Nesvik møte viseminister Zhang Jiwen i General Administration of Customs China (GACC). Nesvik signerte to avtalar då den kinesiske tollministeren besøkte Noreg i mai: Ein lakseavtale, og ein om handel med fiskemjøl og -olje som inngår i fôrproduksjon.

Les også: Fornyar lakseavtalen med Kina 19.05.2019

Tema for møtet mellom Nesvik og viseminister Zhang er utvikling i bilateral handel for sjømat mellom Noreg og Kina.

- Regjeringa jobbar for å auke sjømateksporten til Kina. Vi treng føreseielege rammer for handelen, og dette er eit av temaa eg vil ta opp når eg møter mine kinesiske motpartar, seier Nesvik.