Endrar ikkje deltakinga i kongekrabbefisket i 2020

Kongekrabbe. Foto: Per Eide Studio / Norwegian Seafood Council

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke at det ikkje skal gjerast endringar i kven som får delta i kongekrabbefisket i det kvoteregulerte område i Øst-Finnmark (øst for 26 grader øst ) i 2020.

– Ut frå tilbakemeldingar i høyringsrunden hausten 2019, har vi vedteke at vi må vurdere konsekvensane av ei eventuell endring av deltakinga. Det blir derfor ikkje gjort endringar i deltakinga i dette fisket frå 1. januar 2020, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Fartøy med høve til å fiske i det kvoteregulerte området, kan fange og lande 1530 tonn hankrabbar og 120 tonn hokrabbar. Av totalkvoten hankrabbar, er 153 tonn avsett til skadde hankrabbar i det kvoteregulerte området i 2020. Det er avsett 13 tonn hankrabbar til turistfiske, 1 tonn hankrabbar til fritidsfiske og 2 tonn til forskingsformål.

Stenging

Nytt i kongekrabbefisket i 2020, er at det vert innført ein stengingsperiode i det kvoteregulerte området i april månad, av omsyn til at kongekrabben gjennomgår ein lengre periode med skallskifte. Stengingsperioden vil gjelde både for kommersielt fiske og for turistfiske.

Aktivitetskravet for omsetting frå anna fiske for å oppnå full kvote, vil framleis vere 200 000 kroner i 2020, men frå 2021 vil kravet bli vurdert auka til 300 000 kroner.

Mobile kjøpestasjonar

Kravet om at mobile kjøpestasjonar må vere godkjent av Mattilsynet, og at det ikkje er høve for fiskemottak å bruke samleteiner, vart vedteke for eit år sidan, men trer av omsyn til innretning for næringsaktørane ikkje i kraft før 1. januar 2020. Spørsmålet om fiskarane sitt behov for få bruke samleteiner, har vore høyrt i år, og det er delte oppfatningar om behovet.

– Vi ser at å tillate bruk av samleteiner gjer det mogleg å omsetje kongekrabbe svart, og gjer det vanskeleg for kontrollstyresmaktene å drive kontroll. Hausten har vist at det vert drive utstrekt svart omsetning av kongekrabbe, og vi vil gjere ei nærmare vurdering av om det er behov for å forby bruk av samleteiner i dette fiskeriet, avsluttar Nesvik.

Les også: Mobile mottak må godkjennes av Mattilsynet 21.11.2019