Odd Emil Ingebrigtsen utnemnd til fiskeriminister

Odd Emil Ingebrigtsen frå Bodø blei utnevnt til ny fiskeri- og sjømatminister 13. mars 2020. Samstundes vart Guri Melby utnemnd til ny kunnskaps- og integreringsminister. I midten statsminister Erna Solberg. Foto: Halvard Wensel / NFD

Odd Emil Ingebrigtsen (H) vart i statsråd i dag utnemnd til ny fiskeri- og sjømatminister i Solberg-regjeringa, etter at Geir Inge Sivertsen (H) nyleg blei gjeven avskil i nåde. 

Det går fram av ei pressemelding frå Regjeringa.

Samstundes opphøyrer statsråd Torbjørn Røe Isaksen, frå Høgre, si mellombelse styring av fiskeri- og sjømatsaker i Nærings- og fiskeridepartementet. Og bodøværingen Odd Emil Ingebrigtsen fekk avskil i nåde som statssekretær for olje- og energiminister Tina Bru.

Statssekretær Trine Danielsen har fått avskil i nåde som statssekretær for fiskeri- og sjømatminister Torbjørn Røe Isaksen, og er utnemnd til statssekretær for fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Endringane gjeld frå i dag kl. 13:00.

Vanja Terentieff (H) sluttar som politisk rådgjevar for fiskeri- og sjømatminister Torbjørn Røe Isaksen, og er engasjert som politisk rådgjevar for fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

- Gleder meg

– Eg gleder meg til å ta fatt på jobben. Fiskeri- og sjømatnæringa er viktig for Noreg fordi den skaper aktivitet og arbeidsplassar i heile landet. I tillegg er den ei av næringane med størst vekstpotensial. Vi skal framleis vere ein verdsleiande leverandør av sjømat, og vi vil leggje til rette for berekraftig forvalting, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Ingebrigtsen kjem frå jobben som statssekretær i Olje- og energidepartementet, der han har vore sidan januar 2020. Då kom han frå jobben som administrerande direktør i Indre Salten Energi AS.

Fiskeri- og sjømatministeren har tidlegare hatt fleire leiarstillingar og engasjert seg i det private næringslivet i heimbyen Bodø med omland. Av politisk erfaring har han 24 år bak seg i kommunestyret i Bodø, derav åtte av dei i formannskapet.

Han er fødd 8. oktober 1964 og kjem frå Bodø.

Les også: Røe Isaksen vert mellombels fiskeriminister
Les også: Geir Inge Sivertsen trekker seg som fiskeri- og sjømatminister