Opnar to område for havvind i Noreg

Olje- og energiminister Tina Bru framfor havvindturbinen Hywind Demo. Foto: OED

Ved kongeleg resolusjon er det i dag avgjort at områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II skal opnast for søknadar om fornybar energiproduksjon til havs.

Det inneber at det blir mogeleg å søke konsesjon til vindkraftprosjekt til havs.

Det annonserte olje- og energiminister Tina Bru under ein båttur til Utsira og Hywind Demo utanfor Haugesund i Rogaland fredag 12. juni.

– No skriv vi eit nytt kapittel i norsk energihistorie. For fyrste gong vil det bli mogeleg å søke om konsesjon for større prosjekt for vindkraft til havs på norsk sokkel. Vindkraft til havs byr på store mogelegheiter for norske verksemder. Vi treng fleire bein å stå på i det grøne skiftet, og dette er enda eit stort steg for havvindnæringa i Noreg, seier Olje- og energiminister Tina Bru i ei pressemelding.

Etter havenergilova må område opnast av Kongen før det kan søkast om konsesjon til produksjon av fornybar energi til havs.

– Verda vil trenge meir fornybar energi i framtida. Dei verdsleiande offshore-miljø i Noreg kan gå i front for å utvikle teknologien som gjer det mogeleg å nå dei norske og globale klimamåla. Ved å satse på havvind kan vi både skape nye arbeidsplassar for framtida og få ned utsleppa, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Motstand frå fiskeriorganisasjonane

Eit forslag om opning av område for fornybar energi og eit forslag til forskrift til havenergilova, var på høyring i 2019.

– Departementet fekk mange gode innspel i høyringa, og eg har lagt vekt på å finne den rette balansen mellom å legge til rette for denne spanande nye næringa og samstundes sikre at det blir teke omsyn til andre interesser i dei kommande konsesjonsprosessane, seier Tina Bru.

Les også: Fiskeridirektoratet fraråder havvindanlegg ved Sørøya

Les også: Fiskebåt sterkt kritisk til nye vindkraftanlegg

I forslaget som var på høyring, gjekk departementet inn for å opne området Sandskallen-Sørøya Nord utanfor Hammerfest.

– Eg har merka meg store motstanden mot å opne Sandskallen-Sørøya Nord, mellom anna frå fiskeriorganisasjonane. Fiskeria er ei viktig næring med ein aktiv bruk av havområda våre, og eg har lagt stor vekt på deira synspunkt. Det blir viktig også når vi kjem til konkrete saker, seier Bru.

– Samstundes ønskjer vi å sjå nærare på eit område utanfor Helgeland, slik at det kan opnast område der i neste opningsprosess. Dette har vore eit ynskje frå fleire næringslivsaktørar i Nordland, understrekar Bru.

Saka held fram etter illustrasjonen.

Olje- og energidepartementet opnar områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II for søknadar om fornybar energiproduksjon til havs. Illustrasjon: NVEOlje- og energidepartementet opnar områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II for søknadar om fornybar energiproduksjon til havs. Illustrasjon: NVE

Det vert i dag opna for desse to områda:

  • Utsira Nord ligg vest av Utsira og Haugalandet, og eignar seg for flytande vindkraft, som er den mest spanande teknologien sett med norske auge. Området er også stort, 1010 kvadratkilometer, ligg nært land, og legg dermed til rette for både demonstrasjonsprosjekt og større prosjekt. Storleiken på Utsira Nord gjer det også mogeleg å tilpasse seg andre interesser i konsesjonsprosessen. Departementet føreslår å opne dette området for å legge til rette for slik teknologi.
  • Sørlege Nordsjø II grensar mot dansk økonomisk sone søraust i Nordsjøen, noko som gjer området aktuelt for direkte eksport av kraft. Området er på heile 2591 kvadratkilometer og har djupner som gjer det mogeleg å utvikle botnfast vindkraft der, men det er også mogeleg med flytande vindkraft.

Vil gjelde frå 2021

Områda blir opna frå 1. januar 2021, og det er ved opninga sett grenser for kor store utbyggingar som kan tillatast i områda.

– Samla legg områda til rette for 4 500 MW med vindkraft, noko som gjev rike mulegheiter for utvikling. Samstundes legg vi viktige avgrensingar på aktiviteten av omsyn til anna aktivitet og til miljøet, seier olje- og energiministeren.

Områda legg til rette for utbyggingar som kan produsere kraft tilsvarande forbruket til over ein million husstandar.

Kongen har i dag også ved kongeleg resolusjon fastsett havenergilovforskrifta, som utdjupar havenergilova og mellom anna klargjer konsesjonsprosessen.

Les meir