Foreslår tungoljeforbod for skip på Svalbard

Fra Kongsfjorden på Svalbard. Illustrasjonsfoto: NFD

Regjeringa foreslår å forby skip som seglar på Svalbard å bruke tungolje. Forbodet skal gjelde heile Svalbard, òg utanfor verneområda.

Utslepp av tungolje kan gjere stor skade i Arktis på grunn av dei sårbare økosystema og korleis tungolje opptrer ved låge temperaturar og is. Om slik olje blir sloppe ut ved ei ulukke på Svalbard, vil det kunne føre til stor og langvarig skade på miljøet. I tillegg gjer store avstandar, is, kulde og dårleg tilgang på oljevernressursar at beredskap og oppreinsking vil vere vanskeleg og kostbart. Det er Klima- og miljødepartementet som no sender forslaget på offentleg høyring.

– Svalbard har svært sårbar natur og store, særeigne villmarksområder. Difor har regjeringa satt høge miljømål for Svalbard, som betyr at risikoen for skade på miljøet skal vere låg. Eit forbod mot tungolje som gjeld heile Svalbard, er eit naturleg steg å ta for å redusere denne risikoen, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.

I dag er allereie tungolje forbode i verneområda på Svalbard. Her er kravet at skip må bruke diesel (marin gassolje). Diesel vil gjere mindre skade enn tungolje om det blir sloppe ut til sjøen, og forsvinn langt raskare frå miljøet.

Sjølv om tungolje i dag berre er lov å bruke utanfor verneområda, er det sannsynleg at verneområda vil bli råka om det skulle skje eit større utslepp frå skip som seglar til og frå Longyearbyen eller andre stader der tungolje er lov i dag, heiter det vidare i meldinga.

Kravet til drivstoff som no blir foreslått, vil hindre bruk av både tungolje og annan slags olje som kan gjere større skade enn diesel om det blir sloppe ut til sjøen. Samtidig vil det vere lov med meir miljøvennleg drivstoff, som til dømes naturgass eller hydrogen.

I dag er det stort sett berre store, oversjøiske cruiseskip og frakt av kol og varar til og frå Longyearbyen som bruker tungolje. Slike fartøy må gå over til å bruke diesel, eller på sikt skifte til naturgass. Dette vil føre med seg ei viss auke i kostnader for dei skipa det gjeld. Samtidig vil oppryddingskostnadene ved eit eventuelt utslepp bli betydeleg mindre. Det same gjeld omdømmekostnader som kan råke reiselivet og fiskerinæringa.

Forslaget inneheld ei overgangsperiode på to år for stykkgodstrafikken til Longyearbyen og Barentsburg. Behovet for overgangsordningar vil bli vurdert på nytt etter høyringa.