Vidarefører tradisjonell fordeling for kolmule i 2021

Illustrasjonsfoto: Olav Endre Drønen

Kyststatane blei i oktober samde om ein totalkvote (TAC) på 929.292 tonn kolmule for 2021.

Det melder Nærings- og fiskeridepartementet onsdag.

Dette er i tråd med Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) si tilråding og gjeldande forvaltningsavtale. Totalkvoten inkluderer ei avsetjing til Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC), for andre land sitt fiske i internasjonalt farvatn på 73 961 tonn, skriv departementet.

– Det er viktig for norske fartøy å få tilgjenge til andre land sine soner i fisket etter kolmule. Vi arbeider framleis med å få ferdig avtalar om sonetilgjenge. Inntil vi er komne i mål med dette blir den norske kvota sett med tradisjonell fordeling, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Noreg si disponible kvote blir dermed 208 306 tonn kolmule, før dei ulike moglege byteavtalane (med blant anna EU) er rekna inn.

Av dette kvantumet kan norske fartøy fiske 34 800 tonn i færøysk sone, etter bilateral avtale mellom Færøyane og Noreg for 2021. Kvotebytet med Russland varierer proporsjonalt med den norske kolmulekvoten. For 2021 skal det etter avtalen bytast 16 175 tonn kolmule til Russland.

Av totalkvoten er det sett av 1 030 tonn til forskings- og undervisningskvotar.