Færre omkomne frå fritidsbåt i 2020

Illustrasjonsfoto: Sjøfartsdirektoratet

I 2020 omkom 20 personar frå fritidsbåt. Dette er ein nedgang trass ein særs travel båtsommar. Snittet dei siste 10 åra har vore 29 personar i året. Manglande bruk av flyteutstyr og promille er faktorar i mange av ulykkene.

– Det at 20 personar har mista livet er tragisk, seier fungerande Sjøfartsdirektør Lars Alvestad i ei pressemelding.

– Me må likevel kunne seie at me er gledeleg overraska over at tala ikkje er høgare, spesielt med tanke på at me har lagt ein særs aktiv båtsommar bak oss. Me håpar at denne utviklinga viser ei trend. Målet er at ingen skal mista livet ved bruk av fritidsbåt, seier Alvestad.

Manglande flytevest og promille

Menn har toppa statistikken i fleire år, og i år var alle dei 20 omkomne menn. 80 prosent var over 41 år og snittalderen var 59 år. 17 personar omkom ved fall til sjø. Heile 65 prosent av dei omkomne brukte ikkje flyteutstyr, noko som nok kunne ha berga fleire.

10 av dei 20 omkomne hadde promille over grensa for å føre fritidsbåt, som er 0,8. Fem av desse var førar av båten og hadde promille over 1,1. Alle dødsulykkene som involverte alkohol eller rus skjedde i helger, altså mellom fredag ettermiddag og søndag kveld. Når ein har promille blir kroppen raskare nedkjølt om ein hamnar i vatnet. Ein blir dårlegare til å berge seg sjølv og andre, og har lettare for å mista medvitet. Kombinert med manglande flytevest, er dette ei oppskrift på tragisk utfall.

– Dette syner at det haldingsskapande arbeidet er viktig, også i tida framover. For sjølv om dei fleste båtbrukarane no har stort fokus på tryggleik for seg sjølv og passasjerane, så er det diverre framleis dei som gløymer enkle tryggingstiltak som å halde seg edru og bruke flytevest, seier Alvestad.

Tryggleik ved kai

5 personer omkom medan båten låg til kai, til dømes i samband med fortøying eller når dei gjekk til eller frå båten. Dette utgjer heile 25 prosent av dei omkomne og viser at det er viktig å iverksetje tryggleikstiltak i hamneområder. Slike tiltak kan vere montering av stigar med god merking, lys, sklisikring og liknande. To av dei som mista livet ved kai var påverka av alkohol/rus.

Høg fart og løpske båtar

I tre av ulykkene var det registrert høg fart. Alle dei tre omkomne førarane var påverka av alkohol/rus. To av desse omkom av høgintensitetsskade, som skjedde etter grunnstøyting på nattestid. Tidlegare år har ein sett det same, der ruspåverka førarar køyrer i land i høg fart i mørke. I den siste ulykka med høg fart, kjørte båten vidare etter at førar fall over bord.

To andre alkohol-/ ruspåverka båtførarar som var aleine i båten, fall også over bord, medan båten heldt fram utan førar. Bruk av dødmannsknapp kunne ha stoppa båten.

Ingen omkomne turistar

Spesielt i år er at ein ikkje har hatt nokon omkomne turistar som har leigt båt i Noreg. Snittet for dette har vore på 4 personar årleg dei siste 9 åra før 2020. Grunnen til nedgangen er truleg at det har vore mindre utleige av båt under koronapandemien.

Ulykker i ferskvatn

3 omkom i elv og 2 i innsjø i fjor. Dette viser at ein må tenkje sjøvett sjølv om ein ikkje skal langt til havs. Kunnskap kombinert med gode haldningar kunne nok ha hindra alvorleg utfall i enkelte av ulykkene, meiner Sjøfartsdirektoratet. Direktoratet tilrår alle å ta båtførarprøva, og vinteren er ei fin tid å få dette gjort. Pensumet gir grunnleggjande teoretisk kompetanse som gjer sjøen tryggare både for deg sjølv og andre.