Endeleg nei til vindkraftprosjektet Havsul I

Illustrasjonsfoto: Foto: Odd Kristian Dahle

Olje- og Energidepartementet har avgjort at det ikkje vert utsett frist for oppstart av vindkraftprosjektet Havsul I.

– Dette er ein stor siger for Fiskebåt, som har jobba aktivt for at det ikkje skulle bli gitt ytterlegare utsetting, skriv organisasjonen Fiskebåt i ei pressemelding fredag.

– Vi er glade for at Olje- og energidepartementet har høyrt på våre innspel i denne saka og avslått søknaden om ytterlegare utsetting, seier informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle.

Det har skjedd mykje på dei 12 åra etter at konsesjonen blei gitt, og ein stor del av grunnlaget er utdatert, meiner Fiskebåt. Havsul I er planlagt i eit svært viktig gytefelt for norsk vårgyttande sild og andre fiskeartar.

– Ei utbygging i dette området ville utgjere ein stor trussel mot både gyting og fiskeriinteressene. Vi håpar vidare at dette avslaget er eit signal om at styresmaktene framover vil ta meir omsyn til fiskeriinteressene i samband med vindkraftkonsesjonar, seier Dahle.

Fiskebåt har tidlegare klaga på NVE sitt vedtak, som ga utbyggar utsetting.

Fiskarlaget nøgd med vedtaket

– Det var eit venta vedtak, men vi er likevel nøgde, seier leiar i Fiskarlaget, Kjell Ingebrigtsen, til laget si heimeside. – Dette er ein siger i eit lite slag, legg han til.

Ingebrigtsen syner til at det er ein sterk politisk vind som bles for storstilt utbygging av havvind på norsk sokkel.

– Fiskarane ønskjer å vere positivt innstilt til andre næringar og aktivitetar. Vi har likevel vore overtydelege på at våre styresmakter må ha ein god areal- og miljøpolitikk, og at vindkraftanlegg ikkje må øydelegge for havmiljøet, viktige gyte- og oppvekstområder, og for sjølve utøvinga av fisket. Det må òg kunne sannsynleggjerast på ein fagleg god måte før konsesjon vert gitt, seier Ingebrigtsen.

Fekk konsesjon i 2008

NVE ga i 2008 Havsul I AS konsesjon til å bygge og drive Havsul I vindkraftverk med ein installert effekt på 350 MW utanfor kysten av Møre. Olje- og energidepartementet opprettheldt vedtaket i 2009. Etter søknad frå Havsul I AS, innvilga NVE fristutsetting til 2025. Dette vedtaket blei påklaga av fleire interesseorganisasjonar.

Les også: Konsesjon til Havsul I vindkraftverk