Organisasjonen Fiskebåt rosar fiskeriministeren for å stille opp for fiskarane i samband med fastsetting av makrellkvoten for 2021.
– Makrellkvota på 35 prosent samsvarar godt med makrellen si tilhøyring i sona, og innspela som Fiskebåt og Fiskarlaget har gitt til fiskeriministeren, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag fastsett ein nasjonal makrellkvote i 2021 på 298 299 tonn. Norge må sjølv fastsette eigen makrellkvote på grunn av manglande kyststatsavtale for makrell.
– Fiskeriministeren si avgjerd er i tråd med tilrådinga frå Fiskebåt/Fiskarlaget og makrellen si tilhøyrsle i norsk farvatn. Ingen kan difor klandre Norge for å fastsette ein part på 35 prosent, seier Maråk.
Les også: Tøffere linje fra Norge på makrell
– Sender brexit-rekninga til norske fiskarar
Maråk presiserer at det er bra at Norge svarar opp på det han karakteriserer som ei uakseptabel framferd frå Storbritannia.
– Vi opplever at Storbritannia forsøker å sende brexit-rekninga til Norge og norske fiskarar, noko vi sjølvsagt ikkje kan godta. Difor er det både bra og viktig at fiskeriministeren er tydeleg i dette spørsmålet, seier Maråk.
– Viktig med avklaring
Eit uttak på 35 prosent eller ei nasjonal makrellkvote i 2021 på 298 299 tonn, samsvarar godt med makrellen si tilhøyrigheit i sona, meiner Maråk. Ingen kan difor klandre Norge for å oppretthalde dette uttaket, ifølgje Maråk.
– Det er viktig med ei avklaring no slik at både flåte og industri kan planlegge fisket og produksjonen, seier han.
Fisket vil truleg starte tidlegare i år enn det som har vore vanleg dei siste åra.