– Må ta seg tid til å kartlegge konsekvensane

Illustrasjonsfoto: Odd Kristian Dahle / Fiskebåt

Regjeringa legg til rette for å realisere første fase av havvind frå Sørlege Nordsjø II. Krafta frå feltet skal sendast i kabel til det norske fastlandet. Det er viktig at ein ikkje går for raskt fram, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.

– Satsinga på havvind føreset at ein tar omsyn til viktige fiskebestandar, gyteområde og fiskefelt. Først når ein kjenner konsekvensane av dette, kan ein ha eit grunnlag som gjer at ein kan satse storstilt på havvind, seier administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk, i ei pressemelding.

Regjeringa opna i dag for realisering av første fase av dei planlagde utbyggingane i Nordsjø II og Utsira.

Les også: Storstilt satsing på havvind

– Vi håpar, som også regjeringa gjer, at desse utgreiingane gir grunnlag for å satse på havvind som ein ny norsk industri og energikjelde. Dette føreset som sagt at ein tar omsyn til fiskebestandane, miljøet elles og fiskeria. Det er difor viktig at ein ikkje forhastar seg, men tar eit steg i gangen og får kartlagt konsekvensane som forhåpentlegvis ikkje er så store som ein kan frykte, seier Maråk.

– Så noterte eg meg at næringsministeren takka tidlegare handels og sjøfartsminister Jens Evensen for at Norge rår over store havområde. Evensen gjorde ein viktig jobb for Norge, men det er aktiviteten til norske fiskarar og ein havgåande fiskeflåte, som gjer at Norge rår over store havområdet. Utan den aktiviteten ville ikkje Norge hatt råderett over ressursane i havrommet, avsluttar Maråk.