Regjeringa legg no til rette for å realisere første fase av havvind frå Sørlege Nordsjø II. Krafta frå feltet skal sendast i kabel til det norske fastlandet.
Det blir også lagt opp til at auksjon skal vere hovudmodell for tildeling av areal til havs.
– Dette er ei løysing som aukar krafttilførselen til Sør-Noreg. Regjeringa sitt mål er å legge til rette for at Noreg har tilgang på rikeleg med fornybar og rimeleg kraft, slik at dette også i framtida er eit fortrinn for norsk industri og bidreg til verdiskaping og sysselsetting i heile landet, seier statsminister Jonas Gahr Støre i ei pressemelding.
Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord
Første fase av Sørlege Nordsjø II vil vere på 1500 MW. Det svarer til om lag 7 TWh i året, tilsvarande kraftforbruket til 460 000 hushald.
– Regjeringa ønskjer ei omfattande satsing på havvind. Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord vil bidra til auka kraftproduksjon i Noreg. Dette vil gi meir kraft til den aukande etterspørselen me ser gjennom elektrifiseringa av det norske samfunnet, bidra til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar og utvikle norsk industri, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen.
Når det gjeld den andre fasen av Sørlege Nordsjø II som også er 1500 MW, vil regjeringa ta stilling til korleis den skal koplast til nettet etter at det er gjennomført ei utgreiing av ulike nettløysingar for vindkraft til havs og kva effektar dette vil ha på kraftsystemet. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal gjennomføre utgreiinga i samarbeid med Statnett.
Konsekvensar for kraftsystemet
Utgreiinga skal også sjå på konsekvensane for kraftsystemet av ulike nettløysingar for vindkraft til havs med kopling både til Noreg og/eller utlandet. Det er i tilfelle der det ikkje er lagt til rette for nye mellomlandsforbindelsar som aukar eksportkapasiteten frå Fastlands-Noreg. Oppdraget vert sendt til NVE i dag og vil vere ferdig i løpet av hausten.
– Målet vårt er at me skal ha låge straumprisar for folk i Noreg. Regjeringa har tatt kraftige grep i møte med situasjonen i kraftmarknaden, gjennom straumstøtta, redusert el-avgift, auka bustøtte, auka sosialhjelp, auka støtte til studentar og meir støtte til ENØK-tiltak for hushalda. Når me no skal byggja ut havvind, vil me ikkje leggje til rette for nye mellomlandskablar som aukar eksportkapasiteten frå Fastlands-Noreg, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.
Auksjon blir hovudmodell for tildeling av areal til havs
Regjeringa held fast på at auksjon skal vere hovudmodell for tildeling av areal til fornybar energiproduksjon til havs. Olje- og energidepartementet går no i gang med å utvikle ein auksjonsmodell som gjer at første fase av Sørlege Nordsjø II lar seg realisere.
Regjeringa vil no gå vidare med regelverksendringane om auksjonsløysing og arealtildelingsprosess som var på høyring sommaren 2021, og vil i løpet av våren fremje ein lovproposisjon for Stortinget med endringar i havenergilova og fastsette endringar i havenergilovforskrifta.
Høgre: – Eit industripolitisk mageplask
Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II vart allereie under den førre regjeringa, Erna Solberg si regjering, opna for søknader om fornybar energiproduksjon til havs.
Les også: Opnar to område for havvind i Noreg
Høgre sin industripolitiske talsperson, Nikolai Astrup, er ikkje imponert over satsinga til den nye regjeringa.
Ikkje eit havvind-eventyr, men ein flau bris og eit «industripolitisk mageplask», er dommen frå Astrup.
– Her skalerer ein ned satsinga som den førre regjeringa hadde lagt opp til og skyv den ut i tid, seier Astrup til NTB.
– Sørlege Nordsjø II vert halvert. Dette er ei tapt moglegheit for leverandørindustrien i heile Noreg og må være pinleg for industripartiet Ap, som i månadsvis har snakka om korleis havvind skal bli det nye industrieventyret i Noreg, seier Astrup.
Høyring av utlysingsområde
Olje- og energidepartementet sender i dag på høyring forslag til inndeling i utlysingsområde for både Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II. Inndelinga tek omsyn til både miljøverdiar og sameksistens med andre næringsinteresser. Departementet ønskjer innspel frå havvindnæringa, andre brukarar av områda og øvrige interesserte på eventuelle justeringar av områda og kva område som er best eigna.
Les også: – Må ta seg tid til å kartlegge konsekvensane
Les også: Forundret over regjeringens satsing på havvind
Identifisering av nye område for havvind
Den langsiktige satsinga på havvind er avhengig av tilgang på areal. Regjeringa ønskjer å skape forutsigbarheit for næringa med å opne for fleire prosjekt etter Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord. Olje- og energidepartementet vil gje NVE i oppdrag å identifisere nye område for fornybar energiproduksjon til havs basert på innspel frå ei direktoratsgruppe, og å utarbeide forslag til konsekvensutgreiingsprogram. Dette arbeidet vil ta 9-12 månader. Deretter må konsekvensutgreiinga gjennomførast før nye område kan opnast.
– Noreg har verdas beste fagarbeidarar, ingeniørar og leverandørindustri. Med den kompetansen og tilgang til rein kraft har me store moglegheiter til å bli ein grøn industrigigant. Både i Sørlege Nordsjø II og i Utsira Nord vil det kunne byggast industriprosjekt som kan bidra til dette, seier næringsminister Jan Christian Vestre.