– Skal hindre dei store rømmingane

Fiskeoppdrettsmerdar. Foto: Havforskingsinstituttet

Avgrensing for tal fisk i merdar, er viktig for å hindre store rømmingar, uttalar Fiskeridirektoratet.

– Maksimalt tal på fisk i ei merd er viktig for å hindre dei store rømmingane, seier direktør ved kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet, Jens Chr. Holm i ei pressemelding.

Direktoratet har nyleg sendt ut til høyring, eit framlegg om at det ikkje skal vere tillatt å ha meir enn 200 000 laks eller annan oppdrettsfisk i kvar merd.

Les også: Foreslår øvre grense for antall fisk 03.07.2010

FHL skeptisk

Logikken i Fiskeridirektoratet synes vere at det er betre med mange små rømmingar enn nokre få store. For ved å redusere storleiken på einingane, så vert det fleire einingar som kan havarere. Samla kvadratflate med notlin der skadar og revner kan oppstå, vil også auke med ei slik ny avgrensing. Dersom ein legg til grunn at tal einingar og samla flate av notlin, har noko å seie for totalt skadeomfang på merdar i oppdrettsnæringa, så er det ikkje usannsynleg at tiltaket kan verke mot si meining

Fisk.no er difor ikkje overraska over at Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) uttrykkjer skepsis til framlegget frå Fiskeridirektoratet.

Direktør for miljø i Fiskeri og havbruksnæringens landsforening (FHL), Aina Valland, seier i ein kommentar til NTB, at FHL i utgangspunktet er skeptisk til denne typen avgrensingar.

Valland opplyser vidare at FHL har ein nullvisjon for rømming, og at rømmingstala stadig har gått nedover dei siste åra. I tillegg er det allereie standardar for tekniske krav til oppdrettsanlegg, som tek i vare tryggleiken.

– Det er ikkje noko som tyder på at auka storleik på oppdrettsmerdane gjev auka risiko for rømming, seier Valland.

– Skal hindre dei største rømmingane

– Forslaget om eit tak på kor mange fisk som kan alast opp i ei merd, tek sikte på å hindre dei største rømmingane, fortel Holm i Fiskeridirektoratet.

– Kor sannsynleg det er at det skjer ein rømmingsepisode, vert i dag handtert gjennom ei rekkje krav til utforming og drift av oppdrettsanlegga. Men dersom ei oppdrettsmerd vert øydelagt og fisken rømmer, så vil det bety mykje kor mange fisk denne eininga inneheldt. Såleis vil konsekvensen av ei rømming vere avhengig av talet på fisk i eininga, seier Holm.

No foreslår fiskeristyresmaktene at vert sett ei øvre grense for å halde konsekvensen innanfor ei viss ramme. Denne ramma er foreslått å vere 200 000 individ, og det er eit fåtal utsett som i fjor var høgare enn dette.

– Ingen aksepterar at rømming skjer, heller ikkje at 200 000 rømmer. Men skulle det fatale skje, og det skjer dessverre, så er det verre at 400 000 rømmer enn 200 000, seier Holm.

Risiko for ei rømming er kor sannsynleg det er at ein rømmingsepisode skjer multiplisert med konsekvensen av hendinga. Arbeidet mot rømming har fram til i dag vore konsentrert om å redusere sannsynet for rømming mest mulig. For å få ned risikoen ytterlegare, vert det no fremja forslag om å halde konsekvensdelen innanfor visse rammer.

Utgreiinga vart varsla i regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring, og har resultert i forslaget om ei lovfesta konsekvenshandtering i form av ei øvre grense.