SUNNDAL: Fylkesmannen i Møre og Romsdal legg vekt på omsynet til aurebestanden.
Store mengder smålaks er dei siste dagane fiska i Sunndalsfjorden, heilt inn mot Sunndalsøra.
– Det vert ikkje opna for garnfiske for å få vekk den rømde oppdrettslaksen i Sunndalsfjorden. Aurebestanden kan bli skada, seier Leif Magnus Sættem i miljøvernavdelinga ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal, til NRK Møre og Romsdal.
Miljøvernavdeling fryktar at også villaks vil gå i garna, dersom det vert tillate med garnfiske.
– Vi vil verne villaksen. Fisken som i går vart fiska i Sunndal var ung og umoden, og vil dermed ikkje gå opp i elvane og gyte, sa Sættem til NRK i går.
Les også: Truleg rømd laks i Sunndalsfjorden 19.10.2010
Mistanke mot Aqua Gen
Aqua Gen AS sitt anlegg ved Samuelsbergan er utpeika som ei mogleg kjelde for den rømde fisken, skriv Aura Avis. Men dei har ifølge Tidens Krav kontrollert sine merdar med både dykkarar og ubåtar, utan å finne noko hol.
Fiskeridirektoratet har også hatt kontakt med andre anlegg i området, men heller ikkje dei finn hol i merdane, fortel Jan Erich Rønneberg, rådgjevar i Fiskeridirektoratet i Ålesund, til avisa.
– Dermed er det ikkje meir fisk som kjem ut no. Det er det viktigaste for oss, seier Rønneberg til avisa.
Han var måndag på Sunndalsøra og samla prøvar av fisk som skal gentestast, for å finne ut kva for eit anlegg fisken har rømt frå.