Biomasse fortsatt på Altinn I-skjema

Del saken

Oppdrettarar skal framleis rapportere om biomasse på skjema Altinn I fram til 1. april 2012.

Rapportering på biomasseskjema i Altinn II-versjon er utsett til 1. april 2012, og i februar og mars skal fiskeoppdrettarane framleis rapportere i det skjemaet dei pleier å bruke, melder Fiskeridirektoratet.

Årsaka er at Altinn ikkje klarar få på plass systemet for biomasserapportering i Altinn II-versjonen til 1. februar, slik som tidlegare planlagt. Ny dato er sett til 1. april 2012.

Innehavarar av matfisk- og stamfiskløyve må difor rapportere biomasse av laks og aure med vidare i Altinn I-skjema i februar og mars (for januar og februar). 

Les også: Krav om ukentlig rapportering av lusetall 29.12.2011

Fishtalk og AquaFarmer reverserar til Altinn I

Oppdrettarar som brukar fagsystem (Fishtalk og AquaFarmer) kan rapportere som vanleg. Fagsystema var klare for rapportering i Altinn II til 1. februar. Fagsystemleverandørane har likevel tatt arbeidet med å reversere til Altinn I. Velviljen hos fagsystemleverandørane gjer at forseinkinga hos Altinn vil ha lita praktisk tyding for oppdrettarar som brukar Fishtalk eller AquaFarmer.

Manuell rapportering

Oppdrettarar som rapporterer manuelt, skal halde fram med å bruke det skjemaet dei pleier. Feltet for sjøtemperatur er obligatorisk å fylle ut, men oppdrettarane treng ikkje fylle ut felta for luseteljing i biomasseskjemaet, presiserar Fiskeridirektoratet.

Altinn har forplikta seg til at biomasseskjema skal vere klart i Altinn II til 1. april 2012, opplyser direktoratet.