Nytt forslag til regulering av oppdrett i Hardanger

Fiskeri- og kystdepartementet vil snart sende på høyring eit nytt framlegg til Hardangerfjordforskrift, for å avgrense samla biomasse av laks og aure i oppdrettsanlegg.

Dette vert det tredje framlegget om avgrensing av samla biomasse i fiskeoppdrettsanlegg i Hardangerfjorden til 50.000 tonn fisk, som den raudgrøne regjeringa sender på høyring. Dei førre framlegga frå 2009 og 2011 har møtt skarp kritikk.

Les også: Ny høring om Hardangerfjordforskriften 14.11.2011

– Spesielle utfordringar

– Hardangerfjorden har spesielle og særeigne utfordringar som i hovudsak heng saman med at villaksstammane har vore svake i mange år, og at sjøauren har hatt eit for høgt lusepress i lang tid. Ei ny forskrift som vil bidra til å betre situasjonen, vert sendt på høyring med det første.

Det sa statssekretær Kristine Gramstad i Fiskeri- og kystdepartementet på EWOS sitt seminar på Solstrand i Hordaland fredag 1. februar.

Vil godta drift som for «grøne» laksekonsesjonar

I høyringa vil departementet foreslå at inntil 50 000 tonn biomasse kan stå i kommersielle anlegg som vert brukte i dag. Overskytande biomasse kan enten utnyttast innanfor Hardangerfjordområdet i produksjonsløysingar som samsvarer med dei som vert godkjende i den nye tildelingsrunden for 2013, eller flyttast ut av området til ein annan stad i Fiskeridirektoratets region vest. Regjeringa føreslo i november i fjor å etablere ei ordning med såkalla grøne konsesjonar.

Les også: 45 nye laksekonsesjoner i 2013 11.11.2012

– Hovudføremålet med høyringa er å skaffe eit så godt grunnlag for å ta ei avgjerd som mogleg, seier statssekretær Gramstad.

– På denne måten vil oppdrettsnæringa i Hardanger kunne halde fram som normalt med 50 000 tonn ståande biomasse, medan ”grøne produksjonsløysingar” må nyttast til all produksjon ut over det. Eg meiner vi her har funne ein måte å handtere situasjonen på som både tek omsyn til villfisken, til havbruksnæringa og samstundes stimulerer til å utvikle meir miljøvennlege produksjonsløysingar, seier Kristine Gramstad.

Genbank

Dersom ein etter høyringa tek avgjerda om å fastsetje eit forvaltningsregime som føreslege, vert det etablert ein genbank for å sikre genmateriale frå dei aktuelle villaks- og sjøaurebestandane i Hardanger, opplyser Fiskeir- og kystdepartementet i ei melding.