Fiskeridirektoratet opplyser at det rømde 17.200 laks frå Slakteriet Brekke AS i Instefjord i Gulen kommune.
Tidlegare denne veka gjekk Fiskeridirektoratet ut med opplysningar om at oppdrettslaks har rømt frå slaktelokaliteten til Slakteriet Brekke AS i Instefjord i Gulen kommune. Direktoratet hadde då grunn til å tru at det dreia seg om rundt 10 000 oppdrettslaks, med ei snittvekt på i underkant av 4 kilo.
I ei oppdatering om saka, opplyste Fiskeridirektoratet at det under direktoratet sitt rømmingstilsyn, vart funne eit hòl på 3 gonger 2 meter i nota, og at propellbruk i samband med at ein båt var innom anlegget, skal vere årsak til at hòlet har oppstått.
Les også: Rømming av 10.000 laks frå slakteri i Gulen 17.09.2019
Oppteljing syner tap av 17.200 laks
Fiskeridirektoratet har i dag kome med ei ny oppdatering om rømminga frå slaktemerda.
– Oppteljing etter rømminga av oppdrettslaks frå Slakteriet Brekke AS i Sognefjorden, viser at 17 200 laks er rømt, opplyser Fiskeridirektoratet.
Med ei snittvekt på bortimot 4 kilo, kan det såleis ha rømt opp mot 68,8 tonn laks.
Slaktelokaliteten Instefjord ligg inst i Risnefjorden, som er ein sidefjord til Sognefjorden.