Pålagt miljøovervaking etter rømming i Sogn

Illustrasjonsfoto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet har pålagt Slakteriet Brekke AS miljøovervaking av 15 laksevassdrag i Sognefjorden etter rømmingshendinga ved Instefjord 16. september.

Fiskeridirektoratet fekk måndag 16. september melding om rømming frå slaktelokaliteten Instefjord i Risnefjorden i Gulen kommune. Oppteljing etter rømminga, viser at det dreier seg om 17 200 rømte oppdrettslaks.

Fisken som rømte, har ei snittvekt på i underkant av 4 kg. Selskapet har satt ut gjenfangstgarn og har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide gjenfangstaktiviteten ut til området Ortneset - Apestoda. Gjenfangsten er no utvida til 30. september.

– Fiskeridirektoratet har vidare pålagt firmaet å gjennomføre miljøovervaking og uttak av rømt laks i 15 vassdrag i Sognefjorden, for å sikre at rømt laks ikkje skal komme opp i vassdraga i gyteperioden til laksen, skriv direktoratet i ei pressemelding.

Det er så langt teke 3 123 laks i gjenfangstoperasjonen i området.

Det er viktig for å ha ei best mogleg oversikt over korleis fisken spreier seg i fjorden. Fiskeridirektoratet ønskjer difor tips frå publikum om fangst av oppdrettslaks i Sognefjorden.

Les også: Det rømde 17.200 laks i Gulen 20.09.2019