Tre anlegg har fått varsel om redusert produksjon

Illustrasjonsfoto: Mattilsynet

Mattilsynet har sendt ut varsel til to oppdrettsanlegg på Sunnmøre og eit på Flatanger i Trøndelag, om at tilsynet vurderer å vedta mellombels redusert produksjon i anlegga.

Bakgrunnen for varsla er langvarige luseoverskridingar, melder Mattilsynet.

Varsla gjeld desse anlegga:

  • 12209 Rønstad i Volda (Mowi Norway AS)
  • 13246 Voldnes i Herøy (Mowi Norway AS)
  • 35477 Makrellskjæret i Flatanger (Salmar Farming AS)


Mattilsynet opplyser vidare at selskapa har uttalerett før det eventuelt vert fatta vedtak.

Om mellombels redusert produksjon

Mattilsynet kan sette krav om at oppdrettarar som har hatt langvarige eller alvorlege lakselusproblem, mellombels skal redusere produksjon. Perioden med redusert produksjon, vil minimum gjelde for to år, og dekker den neste produksjonssyklusen på lokaliteten.

Målet med verkemiddelet, er å få oppdrettarane til å tilpasse drifta til smittepress, førebyggjande tiltak og kapasitet for behandling og slakting.

Oppdrettarar som får midlertidig redusert produksjon, kan auke den igjen når dei har synt at dei har kontroll og klarer å halde seg under lakselusgrensa.

ILA og rømming

Nyleg vart det påvist infeksiøs lakseanemi (ILA) ved sjølokaliteten Voldnes. Det blei då opplyst at det var starta med utslakting 21. januar, og at anlegget skulle vere utslakte innan 2. februar.

Les også: ILA påvist hos Mowi i Herøy

I fjor haust vart det rapportert om rømming frå både Rønstad og Voldnes.

Les også: Rømminger fra Mowi på Sunnmøre